mandag 31. mai 2010

Endelig avslapping

No har eg endelig fått sett meg ned etter at Alexander vart lagd. Har vore så flink at eg har rydda og vaska leiligheiten i dag. Har ikkje kunna sett meg ned i frykt for å kjenna at eg var for sliten til å fullføra vaskeplanane. Men no er eg ferdig - og godt er det!




Var på moene i dag hjå mamma og pappa. Alexander, "mo'far" og Elvis leika seg på trampolina.


Her er ein som har det godt når han er på besøk hjå mormor og morfar. :)


Fekk ein stor, fin hengeblomst av mamma og pappa. Tykkjer det er ein tillitserklæring eg, at dei har trua på at eg klarar å holde liv i ei plante. Håpar berre eg klarar det no då.

No skal eg setja meg ned og eta ilag med min kjære. Endelig avslapping på planen!

søndag 30. mai 2010

Livet er herleg i sola!! ♥♥

I dag har me vore i naglatun og grilla og bada. I dag føltes det som den fyrste ordentlige sommardagen. Alexander har bada og kosa seg. Hadde ikkje trudd at han hadde tort å bada i det kalde vatnet. Kjenner at det blir ei stund til eg skal uti vertfall!




Alexander og Stine kosar seg!


Søte Celina!

Me fann ei kjempeekkel sjøstjerne!



Ungane leika seg så fint. Var jammen flott i dag!











Hadde faktisk ikkje trudd at Alexander var slikei badenymfa.

Stine kosar seg med marshmallows!



Tøffing!! ♥♥♥



Vart litt rotete med blanding av svart/kvitt- og fargebilder, men...

Me har vertfall hatt ei kjempefin helg!! SUPERT med sommar!!!

onsdag 26. mai 2010

Blomsterdag

I dag har me gått tur isolskinet på jobb. Eg hadde med meg kamera og tok bilder. Har visst fått dilla på å ta bilder av blomstrar.



Me gjekk inn til "parken" og ut att. Ikkje lange turen, men me kosa oss! :)


Påskeliljene sto ennå flott.



Eg plukka blomstrar på veg tilbake i barnehagen. Nett som ei lita jente. Hihi..


Vart så fascinert av desse hjerteblomstrane.



Alexander plukka blomster i dag og. ♥

Ny dag, nye muligheiter.

Får prøve meg på å skrive litt på morgonen. Det er ikkje ofte eg gjer. Sit og et frokost og masar på Alexander om at han og må ete. Vi er vel ganske like der; ingen av oss er noko glade i mat så tidleg på dagen.
Har ikkje teke noko bilder i det siste, har rett og slett ikkje vore noko å ta bilder av. Pleier være bedre i helgane.
Håpar været blir bra i dag, men det ser uvisst ut. Når eg ser ut dei eine vindauga her så er det skyfri, blå himmel, men om eg ser ut eit anna er himmelen full av mørke, tunge skyer. Merkeleg.
Dette kamera ønsker eg meg. Men det er dyrt.. Eg får sjå korleis det ligg ann med pengane til sommaren, det hadde vore kjekt med eit ordentlig kamera.

Må komma meg av gårde snart no, så de får ha ein strålande dag alle saman! :)

søndag 23. mai 2010

Konfirmasjon

I dag har me vore i konfirmasjon til Marte, søskenbarnet til Geir, på Hafslo. Var koselig. Mykje god mat og kjekke folk :)

Alexander var så kjekk i findressen sin atte! ♥♥♥




Konfirmanten!


Søte Sara i blomsterenga!


Jentene til Anita! So fine i bunad alle sammen!



Marte og jentene.


(edit:) Vilde!! :D

Marte hadde heilt nydelig bunad tykte eg! Kjempefine fargar.


Fotomodellen ;)


Anita, Vilde og Tuva. :)


Alexander tykte det var kjempekjekt å leika i den store sandkassen ilag med Joakim...


... og jentene leikte i dokkehytta.


Joakim var og så stilig i dag i dress.


Masse gode kaker!

No har eg satt meg i sofan og skal slappa av resten av kvelden. Blir godt!!

lørdag 22. mai 2010

Regndagen

I dag har eg kjøpt med ny kjole. Det var kjempemasse sommarkjolar i butikkane no, men det tok sin tid før eg fann ein eg likte - og som eg følte var akseptabel å gå med i konfirmasjon.

Me har vore hjå mamma og pappa på moene resten av dagen. Fekk oss grillmat att og, jammen godt me har så snille familie og vener som grillar til oss ettersom me ikkje har grill sjølv. Blir vel til at vi kjøper oss når me flyttar innover. Gledar meg slik!


Morelletrea til mamma og pappa står i full blomst! gledar meg til morellene kjem.


Det vart grillmat på oss denne helga og. Trur eg aldri har ete så mykje grillmat så tidleg i sesongen før som eg har gjort i år.

Måtte slenga med eit bilde av Elvis og.


Vart forelska i dette fatet som mamma hadde. Gammalt og kjempesøtt!
No er det helg att og finveret ser ut til å ha dempa seg. Det er jo typisk når me alle har fri.. Men heldigvis er varmen her ennå, så det gjer ikkje så mykje at det er litt overskya.

No har me ete frokost med tente lys og greier. Må ha det litt koselig sjølv om det er "berre oss tre". :)

Noko av det beste eg veit om sommaren er jordbær med vaniljesaus. Det er så namm!

Eg har lest ferdig Ida's dans. Den var heilt fantastisk. Vart ordentlig rørt av denne boka, og vil verkeleg anbefalle den. Nydelig historie.


I dag skal eg til sogndal for å sjå om eg finn noko å ha på meg i konfirmasjon i morgon. I tillegg skal eg sjå om eg finn nye blomstrar til å ha i den fine blomsterkassen min; dei eg hadde døde visst fort... Er ikkje så flink til å halde blomstrar, mykje eg må bli bedre til.

Ha ein fin dag! :)