torsdag 20. mai 2010

Herlege dagar på jobb.

Folk misunnar oss som jobbar i barnehage no i sommarvarmen. Eg skjønnar det godt. Det er herleg å kunne vera ute heile dagane i solsteiken. Heilt fantastisk! Eg elskar jobben min! (Men eg trur ikkje det er så mange som misunnar oss når me må væra ute i all slags regn, snø og slaps.)

Me bakar, går på tur, flirer og har det kjempeartigt.
Eg skulle bake rundtstykkjer i barnehagen her om dagen. Vi flira godt av deigen min - den var knallhard. Men mine gode medarbeidarar fekk overbevist meg om at dersom eg fekk rulla dei ut så kom nok rundstykkja til å bli gode til tross for hard deig.

Og jammen hadde dei rett. God lunsj! :)

I dag hadde eg besøk av desse to små på "pauseplassen". Dei hadde gjøymt seg godt under benken der eg sat for at det skulle væra ekstra vanskelig for meg å ta bilete av dei, men jammen greidde eg det - sånn ca.


Eg såg ein hage i dag då vi var på tur som verkeleg var heilt nydeleg! Eg ønsker meg verkeleg ein slik hage! Med grøn velstelt plen, fargerike blomsterbed, flotte dekorasjonar og utepeis!

2 kommentarer:

  1. Herreguuuud, de skal jo flytta til ein slike hage straks;)

    SvarSlett