I dag er det heilt nydelig vær ute. Våren er her i dag, og eg nyt det - inne ifrå.. Var såvidt ute og henta posten, og sjølv om det er sol og nydelig så var det KALDT enno. Litt skeptisk på om tulipanane og dei andre plantene i bedet klarar seg i den frosne jorda.
Var på gartneriet i går. Det var så mykje fint der no! Men endte opp med desse to sinkhusa. Eg har hittil ikkje følt at sink passa inn her i heimen, men jammen - desse var AKKURAT det som skulle til i peishylla vår. ♥ Muulig det kjem meir sinksaker etterkvart likevel då?
I tillegg fekk min kjære viljen sin om å ha bord på kjøkenet. Eg var veldig imot det, då eg meinte det ikkje var plass til det, men gosh - eg må innrømme at eg faktisk har blitt forelska i vårt nye bord og dei supersøte stolane! For ein koselig krok det vart! ♥
Eg håpar alle har ein like flott vårdag som det eg har!
Kjempekjekt at de stikk innom!! Kos å sjå at folk les bloggen min.
Klem
Kjempekjekt at de stikk innom!! Kos å sjå at folk les bloggen min.
Klem