mandag 14. mars 2011

Heime med sjuk gut


I dag sit me heime i sofaen, eg og Alexander. Han er tusken og har feber, stakkar, imens eg har fått vond augekatarr på det eine auga. Seigt. Det er på slike dagar at eg angrar på at eg ikkje enno har kjøpt inn garn til alt eg skal strikka framover. Har store planar etter at me er fedige med all oppussing. Må ikkje tru eg ikkje skal ha noko å ta meg til..


Eg elskar strikk. Tykkjer det er masse kjempefint av strikkeklær. Fekk meg ny lue av Anita og gensar av Bente (til info om du er inne på bloggen min; den har vorte svært flittigt brukt!). Gledar meg til eg skal strikke gensar, sokkar og tøfler. :)

Eg og Geir såg karate kid på laurdag og eg vart heilt frelst i Kina. Fekk så lyst til å reise dit. Det såg så utruleg nydelig ut!! Litt langt å reise kanskje, men det hadde vertfall vore ein opplevelse for livet.


Noko heilt anna enn Norge. Rart korleis ein lengtar etter noko annna enn det me er vande med.


Ha ein kjempefin mandag!

Klem Oline

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar