onsdag 15. desember 2010

Adventskos

Det har komme snø og me utnyttar det til det fulle. Lærte Sara og Alexander at det går mykje fortare å skli på pose enn på rumpa. Det var kjekt! "Det enkle er ofte det beste".





Gode venner.




Me har baka pepperkaker..


.. med maaasse melis og non-stop.





I helga var eg ute og laga snølykter og snømann med ungane. Trur ho mor tykkjer det er like kjekt med kram snø som det ungane tykkjer. :D



Fiiine lyslykta eg har kjøpt!


Så har eg og Alexander laga lussekattar. Er ikkje all verdens med julebakst her i huset. Er begrensa kor mykje julekaker me et her i huset. Vert ikkje store julebesøk her i kjellaren i år heller reknar eg med.

I dag var siste fridagen min før jul. Har fått handla inn siste rest av julegavane (manglar berre ein), så det er godt å væra i rute. No kjenner eg at eg kvir meg litt til hektiske jobbdagar før jul. Men GUD som eg gler meg til neste fredag. Ventar nok like mykje på nissen eg som det Alexander gjer. ;)

onsdag 1. desember 2010

1. desember

Endelig er desember her. Må sei dei siste månadane har gått veldig fort, men alikevel har eg venta på juletida. Det er verkelig den beste tida i året. Julegavane er så og sei i boks. Det er så kjekt å handla julegavar!

Eg og Alexander hadde fotosession i går. Det gjekk ikkje heilt som forventa. Det er vanskelig å ta fine bilder, særleg når motivet blir lei etter to minuttar ;) Det vart alikevel nokre søte bilder. Tannlaus som han er ;)








Plutseleg oppdaga han at han hadde fått eit lite kutt på fingeren. Panikk!

--------

Alexander fekk adventsbok av onkel Richard. Jostein Gaarders Julemysteriet. Det vert lange kapittel, og eg hadde trudd Alexander kom til å verta lei av så mange sider uten bilder, men neida. Han sat heilt i ro og fulgte ivrig med. Eg må sei eg likte det første kapittelet godt og, så me gledar oss begge til å fortsetta i morgo.


Eg fekk min etterlengta Dolce Gusto i dag så i kveld har eg kosa meg med fantastisk kakao!


Håpar alle kosar seg like mykje med jula og adventstida som det eg gjer!