tirsdag 29. juni 2010

Klubb

I går var eg i klubb hjå Therese. Me vart servert god mat og kosa oss ilag utover kvelden. Vart seint i seng i natt, så vart ikkje tid til blogging.


Bordet hjå Therese var nydelig dekka!



Har fått navn på boka mi!

Middagen: skinke-kål-og risrett.

Dessert: heimelaga is-soufflé. Kjempenamm!

Therese hadde kaga nydelige sjokoladebollar og kanelbollar til oss!

Det var ein superkoselig kveld! Du er flink, Therese!
Gledar meg allerede til neste klubb, men det vert vel ikkje før i August.


Fekk meg desse superfine øyedobbane i går! ♥


Så har eg fått meg avleggar av pasjonsblomst frå Silje! Håpar håpar håpar verkeleg eg får den til slik at eg får blomstrar på den! (Eg er jo ikkje særleg flink med blomstrar, så dette vert ein utfordring.)
Tuusen takk, Silje!!

søndag 27. juni 2010

Småfisk og krabbefangst!


I dag har eg ikkje så mykje å skriva om. Me har vore på bading att i dag og har fanga småfisk og krabbe med hov. I dag tok eg faktisk min første symjetur og, synd det ikkje vart bildebevis på det. Sommartempen i vatnet begynnar å komma og det er godt! Har begynt å pakka til me skal på ferie på fredag. Blir så kjekt når me reiser til Danmark ei veke. Gledar meg som ein unge nesten, så kjekt at heile familien vert med!



Me var og oppe og såg på lysthuset til Anita att. no hadde det begynt å komma meir i orde. Det er så nydelig! Gledar meg til det blir ferdig! I morgon er det klubb med jentene igjen hjå Therese. Det blir kjekt!

onsdag 23. juni 2010

Jonsokfeiring i Leirviki

Eg og Alexander har vore på besøk i nye barnehagen hass i dag. Det var kjempefint der og Alexander gledar seg masse masse til å begynna i Ylvisåker til hausten. Det blir spennande!

I ettermiddag var me i Leirviki og grilla, brann bål og kosa oss masse ilag med gode venner og familie! Har hatt det kjempekoselig!

Stine og Celina leikar med ball.

Celina har mange ansikt når ho skal posera på bilde. :D

Alexander er klar med hamburgarbrøa sine. Godt med grillmat!

Tuva kosar seg i stolen. Fine fine jenta!

Stine og Vilde

Alexander og Celina er bestevenner.

Det var jammen godt at Therese hadde med seg godteri tykte alle ungane.

Kapteinen Joakim holdt seg mest ombord i den nye båten sin. :)

Nydelige godjenta Sara!

Vilde og Tuva var kjempetøffe i dag med heilt like singlettar og baggyjeans. Cuties!

Sara varmar seg etter litt bading.

Fine Stine.

Mannfolka fiksa bål til Jonsokfeiringa.

Ein glad godgut!

Kosar seg!

Eg og ungane lagde til minibål til å grilla marshmallows på.

Nammis!!

Vossatass!

Var mykje båtmorro for gutane. :)

Me har hatt ein kjempefin dag og kveld, no er me slitne og hoppar straks i seng. Håpar alle andre og har hatt ein super midsommarsdag.

mandag 21. juni 2010

Månen



Så fin månen er! ynskjer meg ei bedre linse til å ta slike bilder!


lørdag 19. juni 2010

Vind Vannballongar og Bollar

Det har vore vind att i dag, men me har kosa oss likevel. Me har det med å få tida til å gå i helgane, er knapt heime og får aldri gjort noko inne. MEN det er vel bedre å komma seg ut i finværet?



MORRO med vannballongar!


SHOOOOT!


Fine blomstrane eg kjøpte til mamma og pappa sidan dei er så snille.

På ettermiddagen gjekk eg, Alexander og Geir ein tur over neset frå Naglatun til Leirviki.


Rocky!

Alexander tykkjer det er kjekt å klatra og gå på berg og "fjell".


Etterpå var me hjå Edith der me kosa med pusane.


Tuva og Vilde tykte det var kjempekjekt å bera rundt på kattane hjå Edith.



Alexander og Sara tykte kattane var fine og.

Og så fekk me bollar!


Nok ein vindfull, men fin sommardag!

Alexander 5 år!!

På torsdag hadde Alexander bursdag og i går hadde han selskap. Kjempestas med 5-årsdag både for mor og barn :)




Me kom inn til Alexander klokka seks om morgonen med pakkar. Her er han godt fornøygde med sine Nerf-gevær. (Og litt trøytt i tryne i tillegg)

På ettermiddagen på torsdag var me på sommarfest i barnehagen. Her er Alexander og kompisen, Kristian.

Me åt pølser og kosa oss.

Alexander kasta risposar på boksar. Det var kjempemorro..

.... og til premie fekk han popcorn.

Alle ungane var så kjempeflinke til å synga!

Det var mykje kjekke gavar, men den kjekkaste denne kvelden var Bakugan som han fekk av Andreas.


Så kjekt å åpna pakkar!


Måtte prøva den nye redningsvesten og fotballen sin.

---

I går hadde me selskap heime hjå mamma og pappa på moene. Det var mykje bedre å ha det der oppe ettersom dei har så stor og fin hage som ungane å leika i.


Celina huskar.

Enda meir pakkar.

Den kjempeflotte spidermankaka som Anita hadde laga! Du er så flink, Anita!! Tusen takk!

I tillegg hadde ho laga denne søte kaka spesielt til Alexander. ♥♥♥

So flink å blåsa ut lysa!

Tuva, Vilde og Sara ventar på kaka.

Celina kosar seg.

Alle vart heilt blå på tunga av spidermankaka.

Den flotte jubilanten min! ♥

Her var ein anna godklump! Eg er heilt forelska!!

♥♥

Gutane tykte det var kjempestas med geværa som Alexander fekk til bursdagen sin.

Tuva og Vilde kosa seg og.

Ostekake, forsøk #2. Denne gangen gjekk det ganske bra.

Alexander er sliten på slutten av kvelden. Her viser han mo'far det fine nye verktøybeltet sitt. :)


Me har hatt ei kjempekoselig bursdagsfeiring på to dagar no. Så no skal eg slappa av og kosa meg med den nybakte 5-åringen min! ♥♥♥