søndag 13. juni 2010

Fin søndag

I dag har me vore på fotballbana og sett på Joakim spela kamp. Han og Sara var med oss på moene ein tur og.
Alexander var med Lars og Joakim på fisketur i ettermiddag. Då nytta eg og Geir anledningen til å komma på bollar og brus hjå Silje, Helge og Stine. Kjempegode bollar, Silje! (Synd eg ikkje hadde atte batteri på kamera).



Begynnar med eit bilde eg tok av himmelen her ein kveld. Nydelige skyer!



Joakim fekk prøva firhjulingen til Alexander, men hass eigen var bedre ;)


Alexander og Sara på trampiolina. Ser kven som er mest spretten av seg.


Joakim viste kor flink har er til å ta salto.


Greiast å hoppa når ein er åleine på trampolina.

Sara er kjempesprek!!


Joakim var flink til å spela, sjølv om han ikkje fekk spela mykje i denne kampen. Dei tapte, men aldersforskjelen var urettferdig.


"Ta bilde av meg! Eg er eit spøkels!" Cutie!

-----

No er det berre att under tre veker til eg skal ha ferie. Gledar meg! Den neste veka kan bli hektisk med bursdag i norane og bursdag i huset, men det skal bli så kjekt når go'guten min vert 5 år!

3 kommentarer:

  1. So koslege bilde! Sir ut ti at di ha hatt ei super helg! :) Sara e sooo søøøt :) No e da natta her i huset, og no ha eg vå flink å kommentera bloggen din! :D Mangla berra updates pao min eigen no :S

    SvarSlett
  2. Hihi! :) Takk for oppmerksomheita Oline! :) Fine bilder, du får komma att når kamera er oppattlada! :)

    SvarSlett