torsdag 28. april 2011

Mitt nyaste prosjekt.

I påska kom pappa med denne flotte "amerikakofferten" til meg. Den kjem ifrå eit gammalt hus som me har brukt som hytte og er truleg over 100 år gammal. Den ser godt brukt ut og er mitt neste prosjekt.


Planen er selfølgelig å få den kvit, men etter å ha testa litt i går kveld kan det hende det ikkje er så lett som eg hadde trudd. Det brune på kofferten er nemlig meir som ei strie som er øydelagt fleire plassar. Men eg skal få det til. Berre vent. :)

I vente på at badet skal bli ferdig har eg mange prosjekt på gang her. Koffert, dørmåling, vinduskarmar, takmåling og veggar, Om eg ikkje skal være fed up av måling til slutt så veit ikkje eg..



No skal eg strax av gårde på jobb, misunnar virkelig Alexander som får være ute i barnehagen i dag i dette nydelige været. Butikkjobbing er ikkje noko særlig når sola steiker ute. :/

Ha ein fin dag alle sammen (av dykk som enno er innom bloggen min til tross for dårlig oppdatering for tia.)

fredag 22. april 2011

Fantastisk fin langfredag!

I dag har me vore på nydelig tur i finværet ilag med gode vener
Det har vore heilt fantastisk vær i dag, nesten sommartemp og så og seie vindstille. Me har vore ute stort sett i heile dag og eg kjenner det gjer virkelig godt for kroppen at våren har komt.
Eg har gått litt lei av blogginga i det siste, men skal prøve å komme tilbake no.

Påskeharen hadde vore hjå Stine og lagt att påskeegg til ho! Heldiggrisen!


Me gjekk over neset frå Naglatun til Leirviki.

I Leirviki sto det ein tjeld og sola seg.



Dagens bilde: Pusen la sin elsk på Stine!

No er eg "åleine heime"; dvs at mannen er utomhus i kveld, og eg har sett siste episode av sesong 7 av Greys Anatomy og grine for meg sjølv. ;)
Håpar alle har hatt ein like flott langfredag som det eg har!

Gratulerar så kjempemasse med dagen, Therese!! Eg er så supergla i deg skal du vita! Håpar du har hatt ein fantasisk dag! ♥♥

søndag 3. april 2011

Picnik

I dag var me inne på Ylvisåker og kosa oss; meg, Alexander, Silje, Stine, Therese og Celina. Kjekt å gjere noko "anna" av og til. Me hadde picnik og Silje måla ungane med ansiktsmåling.


Trøytt og sliten i kveld. Håpar de har ein finfin søndagskveld.

Til veka reiser eg på kurs att, så blir antakelig lite blogging.

Klem

lørdag 2. april 2011

Påskelilje og sølvpuss

No har me komt til April og eg tykkjer tiden går heilt utruleg fort! No har eg ein liten pause imens eg ventar på at pizzadeigen skal heve seg luftig og stor. I kveld blir det heimelaga pizza og kanskje Shrek 3 ilag med vesleguten. (No er eg veldig glad i slike filmar sjølv så eg er glad eg har ein unge til "unnskyldning" for å sjå dei ;)

Eg har masse planar for april, det vert planting i beddet, eg og Alexander skal planta reddik inne, eg har planar om å lage påskeegg og ikkje minst; eg håååpar på å flytte opp i løpet av månaden.


Alexander hadde planta påskeliljer i barnehagen i går. Kjempekjekt å få med seg heim og sjå at den blomstra i dag tidlig. Finfine blomsten!

Eg og Alexander har (tru det eller ei) pussa sølv i dag. Det tok mykje lenger tid enn eg hadde forventa, men me kom i mål og det er utruleg å sjå forandringa. (Betyr kanskje heller at eg burde pussa oftare). Noko gammalt og ein del "nytt". Favoritten min er denne skeia etter bestemor. Etter å ha fortalt Alexander om at denne var ifrå mi bestemor og at det står Oline på den, seier han "Jammen flax at ho heitte det samme som deg, så kunne du få skeia hennas!"

Håpar alle har ein fantastisk kveld.

PS: eg ønsker meg sol i morgo.