lørdag 2. april 2011

Påskelilje og sølvpuss

No har me komt til April og eg tykkjer tiden går heilt utruleg fort! No har eg ein liten pause imens eg ventar på at pizzadeigen skal heve seg luftig og stor. I kveld blir det heimelaga pizza og kanskje Shrek 3 ilag med vesleguten. (No er eg veldig glad i slike filmar sjølv så eg er glad eg har ein unge til "unnskyldning" for å sjå dei ;)

Eg har masse planar for april, det vert planting i beddet, eg og Alexander skal planta reddik inne, eg har planar om å lage påskeegg og ikkje minst; eg håååpar på å flytte opp i løpet av månaden.


Alexander hadde planta påskeliljer i barnehagen i går. Kjempekjekt å få med seg heim og sjå at den blomstra i dag tidlig. Finfine blomsten!

Eg og Alexander har (tru det eller ei) pussa sølv i dag. Det tok mykje lenger tid enn eg hadde forventa, men me kom i mål og det er utruleg å sjå forandringa. (Betyr kanskje heller at eg burde pussa oftare). Noko gammalt og ein del "nytt". Favoritten min er denne skeia etter bestemor. Etter å ha fortalt Alexander om at denne var ifrå mi bestemor og at det står Oline på den, seier han "Jammen flax at ho heitte det samme som deg, så kunne du få skeia hennas!"

Håpar alle har ein fantastisk kveld.

PS: eg ønsker meg sol i morgo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar