mandag 28. februar 2011

Yndlingsmiddag og skøyter

No sit eg med guten min som et kveldsmat og ventar på at han skal bli ferdig, dusja og komma seg i seng. Då vert det måling på meg igjen. Eg begynnar faktisk nesten å sjå enden no.. Lurer faktisk til tider kva me skal ta oss til med når alt er ferdigt. Oppussinga har jo nesten vorte ein livsstil for oss i snart eit år no. :p

I dag laga eg steikt ris med egg, paprika og skinke. Det er verkelig noko av det beste eg veit! Nydelig, og så enkelt!!



Etter middag reiste me ned på skøytebana ilag med Anita og ungane.


Alexander testa sine nye skøyter for aller første gang i dag. Det gjekk faktisk utruleg flott.


Det var kjekt å sjå at guten min kosa seg ilag med "filletanteungane" mine. Tvillingane var og superflinke til at det var første gang dei hadde skøyter på beina og! :)


I morgon har eg fri, og det gledar eg meg veldig til. Kanskje eg til og med skal unne meg å slappe av litt...? :)

Ha ein superkoselig kveld alle sammen som er innom. Kjekt om du legg at eit spor så eg veit kven du er.

Klem



søndag 27. februar 2011

Nyt helga!


Eg må sei eg verkelig har nytt dagen i dag. Godis i dei nye fine skålene mine, loveharts (er det helst mannen og Alexander som er glad i) og full guffe heile dagen i heimen. Eg har vaska og rydda hus, laga lunsj og middag til mannfolka som har sett isamen kjøken, og styrt med mine huslige syslar.
Pappa og Geir er nemlig godt i gang med kjøkkenet no. Dei har fått sett opp skråget til alle skåpa på den eine sida. Og eg ER så fornøygd med kjøkenet så langt. Finaste diskeplata me får og! Elskar den! Kjem nok bilder seinare.


Eg har for første gang steikt biff i dag og fekk masse skryt av mannane. (Dei var vel einaste litt for gjennomsteikte, men det er sånn kokka likar dei. ;) Stolt over meg sjøl og må vel berre takke Arne Brimi for gode bifftips ;)

Fangene på Fortet har vorte sett på opptak her, så no vert det godis og tv resten av kvelden. Gledar meg til veka, så det vert litt roligare. I tillegg har eg fri til helga! Jejj!

Håpar alle har ein finfin kveld!

Klem

lørdag 26. februar 2011

Endelig helg!!

No har eg sittet her og sett igjennom alle nye innlegg av bloggane eg følger og eg kosar meg max!
Eg har endelig helg etter ein hard dag på jobb, så heim til oppvask og middagslaging. Eg har dusja og endelig fått roa meg ned etter dagen. Eg gledar meg til å sove "lenge" i morgon.


Eg haaar så lyst på denne nye serien frå Green Gate. Eg var på "vindusshopping" hjå Emily Rose i går. La alt eg ville ha i handlekorga, men det vart fort veldig (og alt for) dyrt. *sukk* Den som hadde vore rik..

Eg burde jo egentlig sett etter noko eg faktisk MÅ ha. Gardiner til kjøkkenet fex. Eg veit enno ikkje kva eg skal ha der. Det er eitt "vanleg" vindauga der pluss eit smalt avlangt eitt. Eg må derfor ha hardiner/kappe el. som matchar på desse to. Om nokon har forslag så er det berre å komme med det. Tykkjer slikt er vanskelig..

Mannen held på med elektrikararbeid på kjøkenet. Me har fått golvbelegg der oppe og no. Vart så fint! I morgon blir det endelig begynt på kjøkkeninnredninga og eg ser lys (oppvaskmaskin) i tunnelen ;)

Ha ein fantastisk kveld alle sammen. Kjempekjekt at de legg att eit hei!

Forresten! Eg har plutselig over 4000 besøk, og over 1000 av dei er frå den siste månaden! Utruleg kjekt!!

Stor klem Oline

fredag 25. februar 2011

Handla litt..


I dag har eg vore på bohus og handla litt. Var så mykje meir eg hadde lyst på der, men eg kunne ikkje ta heilt av heller..
Det er klart for jobb i morgon og, til tross for at eg ikkje er i form. Vondt i heile kroppen (forkjøla) og tykkjer MYKJE synd på meg sjøl. ;)


Kjøpte meg så fine fine musliskåler frå IB Laursen i pastellfargar.


Fekk tigga meg til nydelige roser av Anita i dag. Hihi... Du er så snill du svigerinna mi


Kjøpte meg eit skilt, ein sinkboks, lys og serviettar og. Alt havnar i eit skåp til me er klare oppe. Tenk så mykje fint eg kan ta fram att når alt er klart!


Me har vore i bursdag til finaste bursdagsjenta i dag! Tenk! 5 år gammal. Første gang eg traff ho var ho berre liten beibi! :)

Håpar alle har ein super kveld.

Klem Oline

torsdag 24. februar 2011

Leitar og leitar...

Kanskje eg skal spørja dykk som les bloggen min om hjelp. Så kjekt når de legg att kommentar, då ser eg at det faktisk ER liv her inne ;)

Eg er på leit etter ein wallsticker med fin skrift og fin tekst. Den skal være ca 20cm høg, rundt 35 cm brei (kan være opp til 70 cm brei faktisk), må stå meir enn ei linje.
Forslag?

No er det straks jobb att. Me er trøtte begge to her heime og litt småforkjøla her på morgonkvisten. Kanskje det var litt vel dristig å gå tur i 10 minusgrader og forferdelig vind i går kveld? Det gjorde godt, så det var verdt det.. :)


Eit kort frå 1913 som låg i minneboka til oldemora mi. ♥

Veit de, eg er så shoppesjuk for tida! Det er så masse eg har lyst på. Skulle ønska eg hadde meir peng. Heldigvis err det ikkje så mange fine interiørbutikkar her rundt om, og nettbutikkar er litt lettare å unngå, men i går fekk Bohus inn igjen masse nye vårlige varer. Då er det ikkje berre enkelt å jobba overr gangen for dei ;)


God torsdag til alle sammen. Det er utruleg nok snart helg att! Hærregud kor fort tida går!!

Klem Oline

tirsdag 22. februar 2011

Nå skinner sola i vinduskarmen...

I dag er ein herleg dag. Eg har fri frå jobb og eg har ikkje så alt for mykje jobb hengande over meg heime heller i dag. (Burde jo ha måla istadenfor å blogga, men nokre prioriteringar må man ta..)



Sola skin og det er heilt fantastisk ver i dag og. Det har meldt dårligare i løpet av veka, så me får nyte sola mens me har ho. Eg ser så fram til vår! Gå ut uten å frysa, la Alexander få springe ute utan å ha på seg ein haug med tjukke klede... Det har vore nok vinter no tykkjer eg. (Sikkert mange skientusiastar som er ueinige med meg).


Eg fekk gavekort til bursdagen og, så i dag har eg handla meg bursdagsgave. Tusen takk for fine gaven, Mariell og Joakim ;)
Det vart denne flotte krona..


Og to søte skåler i forskjellig størrelse.

Kjempekjekt at du stakk innom bloggen min i dag. Enda kjekkare er det om du legg atte eit hei.

Ha ein superflott tirsdag!

søndag 20. februar 2011

Bursdagsfeiring

I går hadde eg bursdag, og det var ein superflott dag! Alexander kom med pakke til meg om morgonen. Han hadde kjøpt parfyme til mamman sin - "HEILT sjøl". Hadde bestilt den på nettet sa han. :D


Jammen godt han visste kva eg likte då ;)


Før gjestene kom var Alexander med Geir og Pappa i garasjen for å snekkra. Han hadde med seg både verktøykoffert og snikkarbelte.

Eg hadde laga brownies, vannbakkels, marengs og ostekake. Browniesane og ostekaka var absolutt ikkje verdt å blogga, for dei vart særs mislykka. :( Dei vart gode, men ikkje akkurat vakre å sjå på..

Eg fekk så mykje fint!! Heilt fantastisk kor godt venner og familie kjenner meg, for eg var storfornøygd med alle gavane mine! Masse "dill" til hus og heim - det var akkurat det eg ønska meg. Søstra mi, Bente, strikka finaste gensaren til meg! Godt i desse minusgradene. I tillegg fekk eg to års abbonement på Vakre hjem og interiør av snillaste mamman og pappan!





Eg hadde ein heilt fantastisk fin dag i går - så tusen takk til vennerr og familie som gjorde dagen min super! :)
♥♥♥

I går sette eg opp pidestallen som eg har ordna på og. Hadde ikkje tlmodigheit til å vente til me kjem oss opp. Den vart så fin! Det meste har potensiale med litt kvitmåling.

Før

Etter



No skal eg kose meg med Anita sin pastasalat og ein kopp te. Litt sliten i kveld etterr gårsdagens festligheiter.

Ha ein strålande kveld alle saman!

fredag 18. februar 2011

Gledar meg

Berre ein dag til eg har bursdag. Eg gledar meg som vanlig som ein unge. :) I dag vert det rydding, vasking og kakebaking. Tenkte eg skulle legga ut eit bilde frå ståva vår oppe. Det vart ikkje klart til å feire bursdag oppe likevel, men me skal nok ha det kjekt likevel.


Fine fine fine ståva vår.


No blir det jobb i nokre timar, så er det helg.Guten min er allerede klar og påkledd i gangen, så eg må nok få opp farta her. :)

Skåpet vårt er nesten ferdig. Treng berre eitt strøk til - så er det FERDIGT. Det skal bli så godt. Har vore mykje arbeid med dette skåpet.


Ha ein strålande dag alle samman!! :):)

mandag 14. februar 2011

Valentinsdag

Valentinsdagen har ikkje fått mykje merksemd her i huset i år, men eg vert heilt overvelda når eg ser kor romantiske folk er mot kvarandre i dag. Blir misunnelig.. :)

Ha ein fortsatt finfin valentinsdag alle romantiske sjeler.

♥♥♥



søndag 13. februar 2011

Mammadagen

I dag er det mammaen sin dag. Det vart ikkje frokost på senga, men me kosa oss masse med rundstykkjer ved kjøkkenbordet istaden.Det har vore ein kjempeflott dag i dag. Sola skin på kvite bakkar, guten min er supersnill, og eg set meg ned i sofan med god samvittigheit og ein kopp te.

Eg tykkjer teksten inni koppen er så fin.

"Du er alltid der når jeg trenger deg. Du beskytter meg og jeg kan stole på deg. Jeg burde si til deg oftere hvor mye jeg setter pris på deg. Tusen takk for at du er min Mamma."


Det vart te i mammakoppen i dag. Den fekk eg av Alexander i fjor (eller var det året før?). Det har vorte eit skår i den, men det gjer ingen verdens ting på ein dag som denne.

Alexander hadde tegna til meg i dag. Er ikkje ofte han har tolmodigheit til å setje seg ned og gjere seg så fore med tegninga si. Her har han tegna meg og han og masse sol


Det er heilt nydelig vær her i dag! Berre synd me ikje har hatt tid til å væra ute i dag. Enno mykje å gjere her heime når me først har fri.

Etterpå skal me på besøk til Mamma. Det er jo tross alt min mamma sin dag og


Ha ein strålande mammadag alle mammaer! Me fortjener denne dagen. :)






lørdag 12. februar 2011

Laurdagskveld og endelig fri!

No har guten min komt seg i seng ogme skal endelig setja oss ned og sjå film. No er det helg! Har vore på jobb i dag og, så det vert berre ein fridag. I morgon er det morsdag så då "reknar eg med" oppvartning. :p (Har ikkje heilt trua)

Fekk pakke i posten i dag og! Jejj!


Fine Velkommenskiltet.

Dårleg bilde.. Men eg fekk fine fine Madonnaen min i dag. Gledar meg til å setje ho opp. Ho skal sannsynlegvis stå på den nye hylla mi. Fekk nydelige hylleknektar i pakken min i dag og.


Denne kjøpte eg i dag. Tykte den var så fin. :) Passar nok på det nye kjøkenet vårt når det vert klart.


Ynskjer alle ei god helg. Legg att eit spor etterr deg dersom du err inne og les på bloggen min vel?





fredag 11. februar 2011

Hjem, kjære hjem!

Endeleg er g heime. Eg kom heim rundt eitt-tiden i natt, etter at flyet mitt ikkje kunne landa i Sogndal og eg måtte til Sandane, ta buss derfra til Sogndal og Haukåsen for å henta bilen. Måtte måka fram bilen min frå all snøen og før eg kom meg heim. Berre elendigheit. :p Godt eg hade kjøpt med meg lesestoff til flyturen.

Ellers var det veldig kjekt på fagdagar. Eg lærte nok masse så eg hadde nok god bruk for desse dagane på kurs. På kvelden på onsdag var me ute og åt, for så å reise på Oslo Icebar. Det var veldig fascinerande!

Fænsi drinkglas!


Isbilde inni isveggen.

Verdt å sjå!

Dagane gjekk i eitt så det var heilt fantastisk å legga seg onsdagskvelden.

Hotellsengene, hotellmaten og komforten var heilt fabelaktig. :)

Men jammen skal eg sei det var godt å komma meg heim i natt. Og kvelden i kveld skal gå til å ligga på sofaen og kosa meg og berre ikkje tenke på NOKO oppussing, stress eller kurs meir. Ny jobbdag i morgo..

Ha ein fantastisk kveld!

tirsdag 8. februar 2011

Te i nye ståva

I dag har eg fått brukt den fine tekanna mi for første gang då eg hadde tebesøk av Therese. Og det beste av alt var at me kunne sitja i den nye ståva vår! Det er verkelig nedtur å komma ned att i kjellaren etter å ha vore der oppe ei stund.

Ellers har det berre gått i måling her i dag. Småtten er kjøyrt til besteforeldre på overnatting eit par dagar imens eg skal på fagdagar i Oslo. Eg kvir meg veldig, men det er vel berre no fyrste gangen.. Går vel bra dette og.

Hilde Heimdal skal ta inn denne nydelige tunikaen no. SLIK ynsjer eg meg til bursdagen. Helst med underkjolen. Fiine fiiine tunika.



No vert det senga på meg. Tidlig opp i morgo. Får berre håpe eg kjem meg opp og når flyet i morgo tidleg..

Nattnatt alle sammen. :)

mandag 7. februar 2011

Travle dagar

I helga var me til Bergen og henta kjøkken, så resten av helga gjekk til å gjere resten av ståva heilt ferdig så me kan begynna på kjøkenet. Håpar det kjem opp til neste helg så rekk me kanskje bli ferdige til bursdagen min likevel! Me manglar nokre skuffefrontar og skapdørar. Benkeplatehar me heller ikkje skaffa oss enno, men me håpar me skal finne det i løpet av veka.

Eg er så glad i ståva mi oppe no. Det ER så fint der og eg vert meir og meir overvelda over kor stor forandring måling kan gjera. De skal få sjå meir av den seinare.


Det vart litt smågreier i bergen og... ♥

Eg såg etter lysekrone og hadde eigentleg gitt opp å finna ei eg likte godt nok - før eg fann denne på ein Interflorabutikk. Utruleg nydelig!! ♥♥♥ Elskar glaskuppelen i midten av lampa!


Ellers går det i måling, måling og måling for meg. Eg er endelig ferdig med fire strøk inni øvre delen av vitrineskåpet, og tre strøk inni nedre delen. No kjem det værste - eg skal begynne å måla det utanpå. Det er værre om det ikkje vert fint utanpå enn inni liksom..
I morgon har eg fri så då vert det nok oppussingsdag her. Har sjelden tid til å slappe av for tida - gledar meg sånn til å kunne setje meg ned i den fine "nye" ståva vår og puste ut når me vert ferdige.


Ha ein fortsatt god mandagskveld alle sammen!

tirsdag 1. februar 2011

Muffins og eit bittelite innlegg

Her kjem eit bittelite innlegg før eg skal avgårde i klubb hjå Silje. Eg gler meg veldig kjenner eg, godt å sleppa å tenka på alt som skal gjerast med oppussing her heime for ein kveld og heller berre slappe av og kosa seg ilag med jentene. :)

I dag har eg måla på skåpet vårt i over tre timar og enno er det kjempemykje att. Må ha fire strøk innvendig og sikkert like mykje utpå. Litt av ein jobb, men det ser faktisk ut til å bli veldig fint. (Noko eg ikkje heilt klarde å sjå føre meg etter det første strøket i går kveld.)
Eg har og bakt muffins i dag. Dei falt godt i smak hjå mannane mine og etter middag. Hadde crispy chicken dinner kit til middag. Har aldri ete det før, men det var kjempegodt! Anbefallas. Utruleg lettvindt og god middag!


Muffins og det nydelige kakefatet eg fekk av Richard til jul. ♥♥



Ha ein kjempeflott kveld alle sammen.