lørdag 28. august 2010

Benken er ferdigmålt.

No er benken min ferdigmålt og godt er det. No manglar det å sy trekk til puta som høyrer til, pluss nokre små detaljar, så er den klar for innflytting.

I dag har eg vaska ut av leiligheiten i kjellaren i "huset vårt", så no er vertfall den klar til at me flyttar innover. Gjenstår berre (mykje) meir pakking.

Skulle eigentleg på jentekveld hjå Therese i kveld, men er heilt utslått om dagen rett og slett. Skal bli så godt når Alexander har lagt seg og eg skal setja meg ned og verkeleg slappa av. Lang dag med oppussing og vasking.


Benken min FØR måling. Utruleg nok såg den meir gul ut på dette bildet, men den var eigentleg mintgrøn-ish..

Den vart gaaanske så fin etter at den vart kvit. Godt fornøygd.


Og så har me snille snille Anita! Ho hadde kjøpt gratulerar-med-ny-jobb-blomstrar til meg i dag! Tusen takk Anita! Du er berre søtast!

fredag 27. august 2010

Ny jobb, happy days!

Det har ikkje vorte mykje blogging i det siste (har eg begynt mange gonger med denne setninga?), men det har ikkje vore mykje å blogga om. Det har gått i eitt i det siste. Kjøyrt Alexander i barnehagen i Ylvisåker, utatt på jobb i barnehagen der eg har vore vikar dei siste dagane, innatt for å henta Alexander i barnehagen, opp i Norane for å måla, så heim for å prøva å holda klesvasken og leiligheiten litt i sjakk. Sliten om dagane.


I dag har eg fått gode nyheiter.


Eg har fått meg jobb som avdelingsleiar på Elkjøp. Min første jobb på mange år der eg ikkje er vikar. Det er jammen godt!!

Eg gledar meg til å begynna i ny jobb og eg gledar meg enormt til flytting. Har så smått begynt å pakka, men det er nesten så eg gir opp før eg har begynt. Det er så mykje å pakka når ein skal flytta!


No har eg leikt frisør på min kjære, så no er eg ferdig med det som skal gjeras for kvelden og skal endelig slappa av og sjå tv og nyta tilværelsen!

God helg alle sammen!!

mandag 23. august 2010

Avslapping i sofaen

I dag har eg målt fyrste strøket på benken eg fekk av mamma. Veit ikkje heilt kor fin den blir, er vanskeleg å måla med oljemåling oppå anna måling tykkjer eg. Det blir som det blir..

I morgon blir det nytt intervju og dei fire neste dagane vert det jobb i barnehagen på meg att. Gledar meg til å jobbe litt att, så eg vart glad då Ingebjørg ringde meg i dag og lurde på om eg ville væra vikar. Blir kjekt!

No skal eg setja meg ned i sofaen med ein kopp bjørnebær-te og ei bok.


Lenge sidan eg har lest bok no, men har høyrt mykje fint om denne boka etter at eg las "Idas dans". Bjørnebærte i fine koppen eg fekk av Alexander. ♥



Ha ein fortsatt finfin kveld alle saman!

søndag 22. august 2010

Familiehelg på Bryggja

I helga har me vore på hyttetur med familien min for å feira bursdagen til mamma. Me var alle som var med til Danmark i sommar, utanom at Tom Erik ikkje var med, men Janicke, kjæresten til Mikal var med istaden.
Me fiska masse frå kaien og fekk ca 70 makrell til saman på to dagar. Ikkje værst berre det! (Eg var så heldig at eg fekk 1...)
På laurdagen var me i Måløy og eg fann meg eit superflott hjørne på Fagmøbler. Det var SÅ mykje fine tig der at hadde eg hatt meir peng, kunne eg ha kjøpt så og seie alt som var der.
Fekk med meg ei del fine ting heim. Gledar meg sånn til det vert klart i Norane og eg får tatt tiga mine i bruk.


På fargerike hadde dei og ein del fine ting. Der kjøpte eg meg asjettar og krus. ♥

Desse krukkene kjøpte eg på fagmøbler. Coffee, Tea og Sugar.

Fine boksane!

Bilderamme frå Lisbeth Dahl. Duken fekk eg av Richard før helga og den passar perfekt saman med sukkerskåla og "syltetøyskåla" (veit ikkje heilt kva eg skal kalle de andre) som eg kjøpte i Måløy.

Litt stæsj frå Greengate.

Boksen som asjettane mine ligg i var også superfin. Må nok ta vare på den og.


Laurdagskvelden kosa me oss med reker, heimefiska makrell, og taco til "oss ungane" som ikkje et reker og fisk.


Janicke og Alexander spelar Yatzy.

Ivrige fiskarar.


Fiskelykken er på plass.


Mariell har fått fisk, men Janicke må trø til for å ta den av kroken.


Det har alt i alt vore ei koselig helg, til tross for at det stort sett har vore regn og vind.
Godt å væra heima att i sofaen og!


torsdag 19. august 2010

Start i ny barnehage.

I dag har vore fyrste dagen til Alexander i Ylvisåker barnehage. Det var flott å sjå kor fint han fann seg til rette og det ser allerede ut til at han trivst godt der inne.
Det har vore ein hektisk dag i dag med barnehagestart og jobbintervju, så det var godt når kvelden kom og eg fekk sett meg ned og slappa av litt.



Det var kjekt å sjå småvennindene i barnehagen i dag og.


Stas med nye leiker og klatrehus.

------

Må nett få med nokre bilder frå då me var hjå Anita ein liten tur i går og fekk servert gode nybakte bollar. :)


Lure Sara og Alexander.


Småprinsessene.

mandag 16. august 2010

Barnepass, fine sommardagar og måling.

Etter at eg var ferdig i barnehagen på onsdag har dagane gått til barnepass og måling stort sett. Me er no ferdige med vindfanget i Norane. Det går jo verkeleg framover. Begynnar å tykkja at det blir fint der inne no. Torsdag, fredag og i dag har eg passa vesle Jacob. Var siste dagen i dag, eg kjem til å sakna han sånn. Verdens sjønnaste liten tass på 1,5 år. Får håpe eg får passa han at.


Alexander ha storkosa seg som liksomstorebror.


Sjønnaste! ♥


I dag har me leika med vatn her ute. Alexander tykte det var stas å laga hånd og fotavtrykk.


Alexander så kry over å ha redda ei fluge frå å nesten drukna.
---

i går rydda eg i boden for å få plass til utemøblane og trur du ikkje eg fann att eit nesten fullt eksemplar av den beste parfymen i verda (som har gått ut av produksjon). Heldige meg!

Emporio Armani - Night ♥


Håpar alle nyt seinsommardagane med sol og varme, for snart er det slutt og hausten kjem snikande. Men for å væra ærlig så gler meg meg til hausten og. Sitta under eit varmt pledd med tekoppen i handa og nyte den friske haustlukta. Ja - eg gledar meg.

torsdag 12. august 2010

Klubb i lysthuset

I gårkveld var me samla gjengen att i lysthuset for klubb att. Det var superkoselig å sitja der ute. Anita har laga det så nydeleg der inne!


Bordet var flott dekka og det sto pastasalat på menyen (til min store glede).







Anita serverte og heimelaga Jordbær Bowle. Nyydelig god!

Eg freus på beina utover kvelden og fekk låne desse superfine heimestrikka sokkane av Anita. Ønskjer meg sånne.

Det var også godt med ein "liten" kopp te.

Masse snax!

Saueskinn, tjukkelabbar og te. ♥


I dag er eg dagmamma for ein liten gut på 1,5 år. Benyttar anledninga til å blogga litt no imens han søv.

Gjekk oss ein liten tur i førmiddag og Alexander plukka blomster til meg.


På slutten må eg få dela eit genialt kjærringråd som eg lærte av Randi i barnehagen her om dagen. Dersom du sølar bær på kleda dine, tek du salt på flekken og heller kokande vatn over. La det ligge ei stund og flekkane forsvinn på magisk vis. Har måtta benytta meg av dette trixet to gonger og det har vore 100% effektivt både då eg fekk skogsbæryoghurt på ein kvit cardigan og i dag då eg fekk morelleflekk på den kvite gensaren min. Supert trix no i desse bærtider.