torsdag 5. august 2010

Kosa oss på bana i Norane.

I dag har me vore på bana i norane på grilling. No var ikkje planen vår heilt å eta der i dag, men det vart sånn likevel. Var kjekt! Alexander var att der ilag med Anita og co. medan det vart litt måling på meg att. Begynnar å komma seg der inne no. Det er godt å sjå kor mykje finare det vert med måling og nye golvbelegg. Skal ikkje alltid mykje til for å få det mykje finare.




Alexander og Stine kosar seg på bana. Alexander har fått seg ny kosedress i dag, men selfølgeleg vart det hol i den første dagen. Men men.. Slik er det vel berre med desse ungane ;)


Ein smule smulete. Fine guten min! ♥


Me gledar oss masse til å flytta innover. Alexander kosar seg kjempemasse med ungane i norane og tykkjer det er kjempekjekt der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar