mandag 2. august 2010

Svarteper!

I dag har eg hatt min første dag på jobb att etter ferien. No skal eg rett nok berre jobba i ti dagar før eg er arbeidsledig att, men det var så kjekt å sjå ungane att. nokon av dei har jo blitt så store berre på dei fire vekene me har hatt ferie. Slik er det å jobba på småbarnsavdeling. :)


Har kjøpt meg nye stolputer. Har ikkje ennå stolar til å ha dei på, men dei var så fine, og til halv pris, så eg reknar med det vert nokre enkle utemøblar til å ha på altanen i Nordane.

I dag har eg sett bilder i dei små søte bilderammene mine.


Forrige veka var endeleg coctailglasa mine komne. Eg fekk gavekort av Therese til bursdagen på desse glasa, og ikkje før no fekk dei dei inn att i butikken. Men no er dei her, seks stk, og eg gledar meg til å pakka dei opp og testa dei når me flyttar innover.


I barnehagen har me ripsbuskar overfulle av modne rips. Eg plukka ein masse med først ein plan om å laga syltetøy, så ein plan om å laga saft og til slutt ein plan om å laga rips-is..

.. men det endte opp med ei skål med rips med nydeleg vaniljesaus istaden.

Alexander tykte det var like godt med berre sukker på ripsa sine.

Luringen min er glad i å spela svarteper. Særleg om det er mamma'n som tapar.

Og tapte gjorde eg.. 2 av 3 omgangar. Men det er kjekt likevel.

3 kommentarer:

  1. Fine puter:) Har ein del i danna stilen eg og. Vanlige puter og eit pledd;)
    So kjekt at glasa e komne dao- eg og vil testa dei..hihi..

    Fine bilderammer og! Og me spelar kort kvar kveld før jentene legg seg, då pleier dei å sovne fint ;)

    SvarSlett
  2. Klart du ska få væra med å testa dei ;)
    Ke di spela dao? Vanlige kortspel?

    SvarSlett
  3. Me delar ut alle korta og so legg me på eitt og eitt:) Kan ikkje ha det so avansert- men dei tykkje det er kjempemorro:)

    Har peng til deg eg, skal de innover noke denne veka? Skal vere treff på banao torsdag kl 16- dao mao de bli med!!

    SvarSlett