torsdag 12. august 2010

Klubb i lysthuset

I gårkveld var me samla gjengen att i lysthuset for klubb att. Det var superkoselig å sitja der ute. Anita har laga det så nydeleg der inne!


Bordet var flott dekka og det sto pastasalat på menyen (til min store glede).







Anita serverte og heimelaga Jordbær Bowle. Nyydelig god!

Eg freus på beina utover kvelden og fekk låne desse superfine heimestrikka sokkane av Anita. Ønskjer meg sånne.

Det var også godt med ein "liten" kopp te.

Masse snax!

Saueskinn, tjukkelabbar og te. ♥


I dag er eg dagmamma for ein liten gut på 1,5 år. Benyttar anledninga til å blogga litt no imens han søv.

Gjekk oss ein liten tur i førmiddag og Alexander plukka blomster til meg.


På slutten må eg få dela eit genialt kjærringråd som eg lærte av Randi i barnehagen her om dagen. Dersom du sølar bær på kleda dine, tek du salt på flekken og heller kokande vatn over. La det ligge ei stund og flekkane forsvinn på magisk vis. Har måtta benytta meg av dette trixet to gonger og det har vore 100% effektivt både då eg fekk skogsbæryoghurt på ein kvit cardigan og i dag då eg fekk morelleflekk på den kvite gensaren min. Supert trix no i desse bærtider.

3 kommentarer:

  1. Søte du :)
    Spørst om eg skal prøva trikset på ein duk som me søla jordbær på no når me åt is ute=)

    SvarSlett
  2. Takk for ein kjempefin kveld i jaor jenter :)

    SvarSlett
  3. Trikset ditt funka da:)

    Og bra at da gjekk bra med sjåførane i dagtidleg:D

    SvarSlett