lørdag 31. juli 2010

Dei siste sommardagane

Eg nyt dei siste dagane av ferien. her om dagen var det endeleg ein soldag der me kunne testa bassenget til pappa.


Tre generasjonar plaskar i bassenget.

Eit ekkelt innsekt.


Bakte cookies i går. Nammm...

Utanom dette er det stort sett ikkje meir å blogga om enn måling måling måling. Men det er kanskje ikkje så veldig intressant før eg har bilder å visa til.

tirsdag 27. juli 2010

Sommarferien snart slutt..

Det er berre dagar att av sommarferien. Eg gruar meg litt til dei siste dagane eg skal jobba i barnehagen før eg ikkje har jobb der lenger. Veldig spent på om eg kjem til å få meg ein ny jobb snart.

Har vore litt rundt-om sidan sist eg blogga. På laurdag var eg i 30-årsdag til søte Silje. Det var kjekt og jammen er ho ein flott 30-åring! Vart lite bilder, men det var god mat og ein fin fest.

I går var eg og Alexander med Therese til Førde. Vart litt handling berre.

Ellers går det veldig mykje i måling i Norane for tida. Har fått gjort ferdig mykje, men det står og att veldig mykje. Eg gledar meg sånn til alt er ferdigt og me skal flytta innover.



Alexander ventar på maten sin i havnehagen i Førde.

Eg fekk kjempegod wok.


Litt småting frå Kremmerhuset. Utruleg at eg ikkje fann meg meir.

Føler eg har lite å blogga om for tida, men skal prøva å komma med meir.

onsdag 21. juli 2010

Leikeland

I dag har me vore på leikeland på vesterland ilag med Silje, Therese og ungane. Kjempegreitt å reisa på slikt når det er slikt dritvær ute! Føles nesten som hausten er kommen allerede.


Slenger med eit bilde av dei fine blomstrane eg fekk av Silje her om dagen. ♥









Kjøpte med bringebær og var på besøk hjå mamma og pappa etter me kom ut att. Richard har kommen heim for å ordna til i leiligheten på loftet. Gledar meg til han flyttar heim!



Hadde heilt gløymt at eg hadde denne fine speigelen. Fann den att på loftet då eg var oppe og rydda vekk litt av dei gamle sakene mine der oppe. ♥


lørdag 17. juli 2010

Bading, konkurranse og tannfe!

I dag har endeleg sola komme fram nok til at me tok oss ein tur på stranda. Det var beinkaldt i vatnet (tykte eg), mykje kaldare enn det var i Danmark. Så eg og Silje hadde konkuranse om kven av oss som la oss først. Den som tapte må spandera lunsj på den andre på kaffebaren. Eg vart skuldig ein lunsj..

Eg, Alexander og Therese åt der i går. Det var kjempegod mat. Elskar salaten med den heimelaga dressingen der. Nyyydeleg.

Mangoiste! Kjempegod!

Alexander likte isteen og.

Kjempegod salat og dressing! All skryt til Kaffebaren i Sogndal.

Hadde ikkje med meg speilrefleks'n i dag, så vart ikkje noko bra bilde. Men prøvde vertfall ta bilde av endene som sømde utanfor stranda i dag.


I dag mysta Alexander si andre tann, så no ligg han og ventar spent på tannfeen! Store guten min! ♥♥♥


Guten min ♥

Eg legg ut ein video som eg laga for nokre år sidan. ♥♥♥




Eg er så gla i deg, guten min!

onsdag 14. juli 2010

Mitt svar på utfordringa.

Fekk denne utfordringa av Anita, så her kjem mitt svar:



Morgenens nedtur: Hadde ikkje teke ut brød frå frysen i gårkveld. I tillegg såg været ut til å bli dårleg.



Utenfor mitt vindu: Begynnar sola å gå ned. Det vart fint vær i dag alikevel!



På fjernsyn i går: Eg såg dei to siste episodane som er komt på nettet av frustrerte fruer.



Eg har på meg: Den fine nye toppen eg kjøpte på Zara i Århus. Og mørkeblå jeans.

I dag skal eg: Berre slappe av resten av dagen. Klokka begynnar å bli mykje, så det er ikkje stort anna å ta seg til.

Men eg vil heller: Kanskje eg bør gjere denne om til "Men eg burde heller": Rydda opp litt her og legga sammen kle.



I vinduskarmen står: Bla den (utruleg nok) ennå levande passionsblomsten eg fekk av Silje. Den har til og med vokst litt sidan eg fekk den!

I helga skal eg: Har ennå ingen planar, men håpar på fint vær og bading.

Morgendagens lykke: Eg håpar på fleire ungar, hus, heim og eit lykkeleg familieliv i framtida. (Men det ynskjer vi vel oss alle?)



Dette bilete har du aldri sett før: Mest fordi me tok det i dag. Beste godguten og meg!



Sender utfordringa vidare til
Therese


Eg og Alexander var med Therese og Celina til Sogndal i dag. Vart litt shopping og.
Kjøpte meg ei korg, eit teppe på tilbud på bohus (sterkt prega av Anita muligens?), ei lyslykt, ein A til Alexander og ei lite søt skål.



Pynta litt på veradaen

Trur eg må skaffa meg ein balje med sånne "middagsblomstrar" slik som mamma har. Så nydelige!!


Mamma fekk sjå den lille skåla eg hadde kjøpt meg i dag og fann fram diverse som eg skulle få arva etter bestemora og oldamora mi!

søndag 11. juli 2010

Resten av Danmarksturen.

I natt kom me heim att til fagre Leikanger, men eg må sei at eg allerede saknar Danmark. Gud for eit flott land. Kunne lett ha flytta dit om det ikkje var for at alle "mine" bur her. Hadde vorte litt for langt ifrå familie trur eg.

Ferien oppsummert:
Fredag: Avreise. Sov på båten til Danmark.
Laurdag: Framkomne til Danmark. Kjøyrde frå Fredrikshavn til Ebeltoft der me budde i eit flott feriehus. Var på stranda og bada etter me hadde vore ute og ete.
Søndag: Me var i dyreparken.
Mandag: Me var på Friheden Tivoli i Århus.
Tirsdag: Nokre av mannfolka var på gokart, medan resten gjekk og såg i butikkar i gatene i Ebeltoft.
Onsdag: Me var i Djurs Sommarland.
Torsdag: Me var i Århus på shopping.
Fredag: Me reiste ein liten gjeng på akvariet i Grenaa og gjekk litt i butikkar i byen etterpå.
Laurdag: Heimreise.

Det har alt i alt vore ein kjempeflott og innholdsrik ferietur! Kjempekjekt!! Det vert nok tilbake til Danmark att, ja!

Her kjem resten av bilda frå turen vår.

Djurs Sommarland.
Her er Mikal, Bente, Joakim og Geir oppe i Danmarks størse berg-og-dal-bane. Eg feiga ut. Denne vart for heftig for meg.



Akvariet i Grenaa
Manetar er fascinerande dyr.




Masse flotte tankar og fiskar. Nemo var der til og med.

Dory og! :)


Masse haiar! Dei var ganske scary!

Me gjekk i ein tunnel under vatnet i haibassenget.


Og Haiane sømde rett over oss.



Me såg på at dei fora haiane.

Her er me i Grenaa by. Flott by dette og.

Verdens beste hamburgar. Svær var den og. Dette er verkeleg den beste burgaren eg nokon gong har ete!


Me var inne og såg i kyrkja i Grenaa. Jammen flott der inne.
Kjempegammal altertavle.


Danmarks nest eldste bibel. Frå 1589.





Det var kjempeflott solnedgang i Ebeltoft siste kvelden vår der.



Den beste ferien eg har hatt på mange mange år. Takk til alle som var med på å gjera det til ein så flott tur! ♥♥