onsdag 30. mars 2011

Heimedagar med godguten min ♥

Her i huset er me heime om dagen eg og Alexander. Han er sjuk og heime frå barnehagen på tredje dagen i dag. Hostar så fælt stakkarsen.
I dag er det heilt nydelig vær ute. Våren er her i dag, og eg nyt det - inne ifrå.. Var såvidt ute og henta posten, og sjølv om det er sol og nydelig så var det KALDT enno. Litt skeptisk på om tulipanane og dei andre plantene i bedet klarar seg i den frosne jorda.


Var på gartneriet i går. Det var så mykje fint der no! Men endte opp med desse to sinkhusa. Eg har hittil ikkje følt at sink passa inn her i heimen, men jammen - desse var AKKURAT det som skulle til i peishylla vår. ♥ Muulig det kjem meir sinksaker etterkvart likevel då?

Kjøkenet vårt er endelig heilt ferdig! Me har fått resten av skuffefrontane og skåpdørane, fått skrudd på håndtak, justert skuffer og ordna alt anna dill som skal til på eit nytt kjøkken. Alt er klappa og klart til oppflytting her vertfall.
I tillegg fekk min kjære viljen sin om å ha bord på kjøkenet. Eg var veldig imot det, då eg meinte det ikkje var plass til det, men gosh - eg må innrømme at eg faktisk har blitt forelska i vårt nye bord og dei supersøte stolane! For ein koselig krok det vart!

Eg er som sagt heime med sjuk gut om dagen og i dag kom "Mo'mo'" på sjukebesøk. Ho hadde med seg pannekaker og lego. Starwarslego for å væra eksakt. Det er jo "kjempekult"! Eg veit ikkje heilt om eg er einig, men så lenge sjuklingen min er nøygd så er eg og nøygd.

Eg håpar alle har ein like flott vårdag som det eg har!
Kjempekjekt at de stikk innom!! Kos å sjå at folk les bloggen min.

Klem

søndag 27. mars 2011

Sjokoladekakesøndag

Det er litt labert med blogginga mi for tida, mest fordi eg ikkje har tid til overs eller noko spesiet å blogga om. Litt fantasilaus for tida kanskje. Har hatt jobbehelg i tillegg denne helga, så eg kan jo kanskje bruka det som unnskyldning..?

Dagen i dag har gått til husarbeid mest, men fekk og tid til å baka sjokoladekake. Anledning? Eigentlig kun og greitt fordi eg hadde LYST på sjokoladekake ;) Den var god og!



Guten min er litt tusk i dag. Litt feber og hoste att. Får håpe det går like fort over som det gjorde sist. Er ikkje meir enn eit pa veker sidan han var forkjøla med feber. :( Så seigt med sjuke ungar. Dei skal være friske og blide heile tida tykkjer eg. Stakkarsn min.

Eg funderar på kor eg skal henge den gamle spegelen min.. Finn liksom ikkje rette plassen for den.


Me er litt slappe i fisken alle mann her heime i dag, så det blir nok ein del sofasitting imens me ventar på Richard som kjem med restane til kjøkenet vårt. Snille snille broren min har vore på ikea og handla alt me mangla. Gledar meg sånn til å få alt på plass og ferdig. Då kan me kryssa enno eit rom av lista over oppussingsprosjekt. :)

No er spisebordet klart til måling og, så no må eg kjøpa inn og starta på det imens Geir tek seg av bad og vaskerom. Det kitlar i magen - så mykje gledar eg meg til å flytta opp.

Ha ein strålande fin søndagskveld alle! Legg att eit hei, så ser eg at du er innom! :)

Klem

mandag 21. mars 2011

Vårstemning og regn

I helga har me kosa oss masse! Det har vore vårstemning med sol og snøsmelt. Eg og Alexander fekk det over oss at me skulle rydda i blomsterbedet. Me oppdaga at det faktisk har begynt å spira og gro der. Både krokus, tulipanar og nokon andre små kvite blomstrar har våga seg såvidt oppom jorda. Eg ELSKAR denne årstida! Det er så nydelig når det begynnar å bli grønt att!


I kveld tordnar og lynar det ute. Straumen har gått nokre gonger og regnet slår mot ruta. Så er det jammen godt å sitja inne og ha det varmt og godt.
På vårens hittil værste regndag har perleblomstrane mine komt ut. Eg har og hengt opp to artige bilder av Alexander på kjøkkenet.



Mine Willow Tree figurar og den superfine plakaten eg fekk av Anita til bursdagen har komt på vegg. ♥

No blir det litt mat og tv før det blir senga på meg.

Ha ein fortsatt fin kveld og god natt alle sammen!

lørdag 19. mars 2011

Nydelig laurdag!

I dag våkna eg av solstrålane mot gardinene påsoverommet. Fantastisk vær ute og eg var heilt vaken og opplagt og superklar for ein ny dag. :)
I gårkveld var eg i klubb hjå Therese. Det var kjempekjekt med den mest fantastiske maten! Ho hadde diska opp med ikkje mindre enn ein trerettars!


Til forrett fekk me bruschetta. Dei var kjempegode, med spekeskinke, salsa, ost og løk.


Middagen var heilt fantastisk! Det var løksteikt ris og pasta med biff og laks. Var verkelig ein nydelig middag! Og så fint ho hadde laga det til! Var som å væra på resturant.

NAM!


Til dessert fekk me heimelaga kvit sjokolademousse. Nydelig god, men ohh så mektig!
Du er jammen flink Therese!!

Takk for ein stårlande kveld jenter!

No skal me ut i finværet ei stund før eg må til på husarbeidet her. Må nyte det litt at sola strålar og smeltar snøen som kom i natt. :)

Ha ein superflott laurdag alle sammen, håpar de er like fornøygde som det eg er!

torsdag 17. mars 2011

Kvikk og opplagt!

I dag sto eg opp ekstra tidleg for å rekke å gjerre noko heime før eg måtte av gårde på jobb. Så i dag har eg hatt tid til ein lang god dusj, henge opp klær, sette på klær, støvsuge, ta ut og inn att i oppvaskmaskina og rydda litt i tillegg til alt det andre med matlaging osv som det pleier å væra om morgonen. Fantastisk å ha god til for ein gongs skuld. Til og med til til ein kjapp bloggings. :)


Det blir finare og finare oppe. Kjem litt og litt heile tida.

Det vart Førde istadenfor Bergen på tirsdag. Fann meg jammen litt diverse der og.


Fine fine krusa eg fann hjå kremmerhuset. Leitte etter lyseblå boksar som eg har sett hjå mange av dykk, men dei hadde dei jo ikkje att i Førde. :(


Har endelig kjøpt gardiner til kjøkkenet. Er veldig fornøygd med dei foreløbig, men eg hadde kjøpt feil type gardinstenger så det må litt ombytting til enno.
Godt at det er såpass klart oppe no at eg kan pynta pynta pynta. Eg elskar det! I ein hektisk kvardag gjer dette meg virkelig glad. ♥♥♥

Ha ein strålande torsdag alle sammen. Jammen er det snart helg att!

Klem

mandag 14. mars 2011

Vårsalat

Det er ein heilt fantastisk flott dag i dag. Var ute og henta posten ista og lukta på den milde vårsola. Sjølv om det har komme masse snø dei siste dagane fekk eg verkeleg vårfornemmelse i dag. Derfor vart det fruktsalat på oss. Synd småtten er tusken; at me ikkje kan ut i finværet, men me prøver å kosa oss så godt me kan lell.

Nesten rart å være heime utan å være sjuk, og utan å ha måling og oppussing hengande over meg. Dagen går veldig sakte når ein ikkje har noko spesielt å ta seg til. No skal eg gjere alvor av vindusshoppinga mi på HM. Trur det er ein god del som kan kastast frå skåpet mitt no og. Klær har ikkje vore den store prioriteten i det siste så eg trur det er på tide.

Det vert ikkje Bergen på meg i morgon likevel. Vart ordentlig skuffa då me fann ut i går kveld at IKEA Åsane ikkje enno har fått inn att skuffefrontane og dørane me skal ha. Det er så typisk.. Eg som hadde gleda meg sånn til shoppingtur ilag med brodern og Alexander. :( SEIGT..

Det vert god tid til å blogga når ein sit heime slik ;)

Håpar sola skin hjå deg og!

Klem

Heime med sjuk gut


I dag sit me heime i sofaen, eg og Alexander. Han er tusken og har feber, stakkar, imens eg har fått vond augekatarr på det eine auga. Seigt. Det er på slike dagar at eg angrar på at eg ikkje enno har kjøpt inn garn til alt eg skal strikka framover. Har store planar etter at me er fedige med all oppussing. Må ikkje tru eg ikkje skal ha noko å ta meg til..


Eg elskar strikk. Tykkjer det er masse kjempefint av strikkeklær. Fekk meg ny lue av Anita og gensar av Bente (til info om du er inne på bloggen min; den har vorte svært flittigt brukt!). Gledar meg til eg skal strikke gensar, sokkar og tøfler. :)

Eg og Geir såg karate kid på laurdag og eg vart heilt frelst i Kina. Fekk så lyst til å reise dit. Det såg så utruleg nydelig ut!! Litt langt å reise kanskje, men det hadde vertfall vore ein opplevelse for livet.


Noko heilt anna enn Norge. Rart korleis ein lengtar etter noko annna enn det me er vande med.


Ha ein kjempefin mandag!

Klem Oline

søndag 13. mars 2011

Kjekk søndag!

I dag har me vore i skogen ilag med familie og gode vener. Me har grilla pølser på bål og ungane har laga snøborg og hatt snøballkrig. Har kosa oss masse!



Alexander og Sara hjalp til å laga snøborg. Trur ungane hadde det kjempekjekt og.

Då me kom heim tok eg til å laga mat til mamma og pappa kom på middag i "nye" ståva vår i dag. Var så kos å sitta der oppe i fine ståva med levande lys, nye spottar i taket og den nydelige lysekrona vår. (Som ikkje enno er heilt på plass der den skal, men den heng vertfall - med lys i.)

No blir det fangene på fortet og ein kopp te.

Håpar alle hat hatt ein kjempekoselig søndag!

Klem

fredag 11. mars 2011

Før og etter

No var ikkje før-bildet mitt særleg bra, men de ser vertfall korleis skåpet var før. Forandringen frydar MASSE!


Eg har jobbehelg og har hatt ei hektisk nok veke hittil. Skal bli godt å få helg på søndag.

God helg til alle dykk som er innom :):)

Klem

tirsdag 8. mars 2011

Kosedag heime

I dag er både eg og Alexander heime. Eg kosar meg masse med å rydda og pynta oppe imens Alexander leikar seg så fint. :)

No har me nett ete kjempegode vafler til lunsj.


Alexander var så kjempeflink til å hjelpa til. Snart så eg kan setja han på vaflelaging på eigahånd...? ;)


Det vert berre finare og finare oppe i ståva. Har funnet meg eitt nytt bilderedigeringsprogram, så no har eg eksprimentert :)

Det beste av alt er at skåpet er ferdigt!! Og eg er så fornøygd!! Så nydelig det vart! Kjem før- og etterbilde seinare.
Eg har og fått opp den nye hylla mi over benken. Masse plass til fine saker. Elskar dei fine hylleknektane.
Her oppå står sølvfat og koppane eg og Geir fekk til dåpen i tillegg til min første sko spraya i sølv.

Eg berre elskar å holde på og styre og stelle oppe. Endelig begynnar det å sjå meir ferdigt ut (sjølv om det jo er mykje att enno).

Ha ein kjempefin dag alle. Legg gjerne att ein kommentar, alltid like koselig!

Klem

fredag 4. mars 2011

Helg!

Etter ein hard dag skulle eg sette meg ned for å sjå om eg fann meg noko klær på nett (føler at slikt blir nedprioritert herr i oppussingstida), men det tek så lang tid! No har eg gitt opp og får ta att det prosjektet seinare. Tenkte eg måtte innom for å ønske dykk ei kjempeflott helg!




Min "home" har fått ny plass - no står den fint på den flotte skilleveggen i stova.

Finate guten då han berre var ein liten stump :)

Pottejenta! Satt inn i fine ramma og har fått plass på do.


Fekk gave i posten i dag av snille Mona Christin sia eg var besøk nummer 50 000 på bloggen hennas. Nydelig wallsticker som allerede er komt opp over ytterdøra.

Med dette vil eg ynskje dykk alle ei superflott helg. Håpar det blir mildt og sol heile helga.

Klem

torsdag 3. mars 2011

Jentekveld hjå Anita

I gårkveld var jentene samla i klubb att hjå Anita. Me kosar oss alltid så masse at tiden flyr så alt for fort.

Anita hadde laga englelys! Nydelige!!

Me fekk servert kjempegod kremostsuppe! Namm!!

Til dessert hadde ho laga sjokolademousse med heimelaga jordbærsaus. Heilt fantastisk!!




Utover kvelden vart det te og sukkerstang i dei nydelige GGkoppane hennas! (Misunnelig ;)

Gledar meg allerede masse til neste gang!

Kjempegla i dikka, jenter!

Håpar alle har ein kjempeflott kveld. No må eg til på mine målingsplikter. ;)

Klem

tirsdag 1. mars 2011

Vår!

Endelig er me inne i den første vårmånaden. Eg elskar at det er mildare ute for tida og at eg faktisk kan sjå trappetrinna ned att til huset. No satsar eg stort på at det held seg slik og at våren kjem for fullt fort fort fort.

Håpar det snart er vårblomstrar å sjå. Finaste av dei alle er forglem meg ei. Gledar meg sånn! Våren er ein herleg årstid.


Håpar alle har ein strålande og mild vårkveld.

Klem