mandag 21. mars 2011

Vårstemning og regn

I helga har me kosa oss masse! Det har vore vårstemning med sol og snøsmelt. Eg og Alexander fekk det over oss at me skulle rydda i blomsterbedet. Me oppdaga at det faktisk har begynt å spira og gro der. Både krokus, tulipanar og nokon andre små kvite blomstrar har våga seg såvidt oppom jorda. Eg ELSKAR denne årstida! Det er så nydelig når det begynnar å bli grønt att!


I kveld tordnar og lynar det ute. Straumen har gått nokre gonger og regnet slår mot ruta. Så er det jammen godt å sitja inne og ha det varmt og godt.
På vårens hittil værste regndag har perleblomstrane mine komt ut. Eg har og hengt opp to artige bilder av Alexander på kjøkkenet.



Mine Willow Tree figurar og den superfine plakaten eg fekk av Anita til bursdagen har komt på vegg. ♥

No blir det litt mat og tv før det blir senga på meg.

Ha ein fortsatt fin kveld og god natt alle sammen!

3 kommentarer:

  1. Hei hei!

    Så fin blogg du har, å willow tree er SÅ nydelig♥ ønsker meg mange av dem selv!

    Titter gjerne innom her igjen!
    Ha en fin kveld,
    Klem Jatte♥

    SvarSlett
  2. Fine bilder♥
    Kjøpt deg perleblomster du og? Dei e so fiine :)

    Natti♥

    SvarSlett
  3. Takk for det♥
    Ja va jo du som hadde dei blomstrane ja- omg eg e tufflete :) Bra dei kom ut til slutt dao :)
    Ha ein fine dag!!

    SvarSlett