mandag 31. januar 2011

Bakedag

I dag har det vore planleggingsdag i barnehagen, så eg og Alexander har baka i dag. Kjekt å kunna gjera noko ilag og no i oppussingstida. Føler det vert lite tid til å gjera ting ilag med Alexander, men i dag har me vertfall kosa oss.




Etter me hadde laga hvetebollar vart det pizzabollar til middag. Dei vart ikkje like vellykka, men eg har vel lært til neste gang..

I ettermiddag sette eg inn bilder i den fiiine fotoboksen min.



Fotoboksen er heilt fantastisk fin og lur.


I kveld begynte eg å måla det store vitrineskåpet vårt. Det vert kvitt (overraskelse!!). Det var vanskeligare å måla enn eg hadde trudd..
Ting Tar Tid.

Det begynnar faktisk å bli ordentlig heimekoselig i ståva vår no. Har fått ned møblane våre frå garasjen og eg har begynt så smått å pynta.



ENDELIG har eg fått benken min i hus. Den er så nydelig! Så har eg fått meg nytt bord. Kjempefornøygd! Det blir så fint hjå oss!

Eg er faktisk veldig overraska over kor fint det blir hjå oss. Det ser ut som ein heilt anna heim enn det gjorde då me begynte å pussa opp (no var veld et og meininga,men lell..).

I morgo vert det meir måling på skåpet og kanskje ein tur innover for å byta den fine lampa mi. Den er øydelagt allerede. hmpf.. :(

Ellers må de alle ha ein kjempefin kveld! (Kjempefint med kommentarar btw..)

onsdag 26. januar 2011

Kakao ♥

No har eg endeleg sett meg ned med ein kopp kakao etter ein lang dag. Var på besøk til mamma og pappa ein tur etter jobb, og etter eg hadde komt heim og ete middag var det i gang med husarbeid, vasking og børsting av den enorme pelsen som Feline (kanina) har fått i vinter, rensing av kaninbur og listemåling. Tykkjer eg har vore effektiv i dag.



I gårkveld vart me sittande heile kvelden og tegna kjøkenet vårt på ikea sin kjøkenplanleggar. Trur det kjem til å bli ganske så fint oppe når me er ferdige.
Planen er å reisa til Åsane og handla neste fredag. Gud kor eg gler meg!


Nye fine lampa vår. Godt fornøygd. No manglar eg berre lysekrone i den andre enden av stova. Har ikkje bestemt meg for korleis eg skal kjøpe enno.



Vakre hjem og interiør gir mykje inspirasjon.



Sandkakeformene eg fekk av Anita. Supersøte!

Eg lagde meg sykrukke utav eit Norgesglas her om dagen. Tykte det søtt fint eg :)

No er det snart sengetid for meg. Har begynt å få ein tendens til å forsova meg om morgonane. Er ganske så sliten for tiden. Får slappe av til våren heller.

Ha ein strålande kveld!!

mandag 24. januar 2011

Endelig tilbake!

No er det over ein månad sidan sist eg blogga, så jammen er det på tide. Eg må unnskylda meg med at eg ikkje har hatt så lett for å få bilder inn på pc osv pga at eg ikkje har hatt eigen data. Men no er det problemet løyst. Har fått meg ny Sony Vaio av min kjære til bursdagspresang (greidde å mase meg til det nesten ein månad før eg har bursdag). Måtte så klart legge i litt sjølv og, men eg er foreløbig strålande fornøygd. :)

Min kvite nye vaio! ♥

Me har hatt ei kjempefin jul her i heimen. Har ikkje vore så mykje julepynting ettersom det ikkje er så god plass her, men det vart litt (tilogmed juletre hadde me). Jula kom og gjekk at veldig fort i år og, så no er me godt tilbake til kvardagen. Me har virkelig begynt att med oppussinga oppe. Ståva er nesten ferdig - manglar eit strøk lakk på golvet så er den klar for innflyttning av tinga våre. Me er ferdige med den flotte peisen, eg har målt veggane ståva rundt og Geir har sett opp ein ny (halv-)vegg. Eg gledar meg så enormt til å få i det minste sett fram tinga mine att som har stått stua i øskjer i fire månadar no. Det har og komme til ein del nye ting etter kvart som eg gledar meg til å få på plass.

♥♥♥



Kjøkenet oppe har og opplevd nokre forandringar. Geir har reve ned heile kjøkkeninnredninga, så der er det og snart klart for måling att. Det vert så kjekt å få opp nytt kjøken! Eg saknar VIRKELIG oppvaskmaskin her nede i kjellaren..

Merkar det vert ein del "dill" her heime etter kvart. Desse kjøpte eg før jul. Tekoppar som rommar 6 dl. Litt for store til å drikke te av kanskje, men dei er veldig fine då..


Eg har litt småprosjekt innimellom oppussinga og. Dette var ein brun kasteklar vinkasse. Eg målte den kvit og VIPS - Alexander fekk seg eit hemmeligheitsskrin.

Eg veit eg har sagt det kvar gong eg har blogga i det siste; men no SKAL eg bli bedre. No har eg rett og slett ingen unnskyldning. Eg har forresten slutta å røyke og (jaja, enno berre i tre dagar), så eg treng noko å setje fingrane i. :)