onsdag 15. desember 2010

Adventskos

Det har komme snø og me utnyttar det til det fulle. Lærte Sara og Alexander at det går mykje fortare å skli på pose enn på rumpa. Det var kjekt! "Det enkle er ofte det beste".





Gode venner.




Me har baka pepperkaker..


.. med maaasse melis og non-stop.





I helga var eg ute og laga snølykter og snømann med ungane. Trur ho mor tykkjer det er like kjekt med kram snø som det ungane tykkjer. :D



Fiiine lyslykta eg har kjøpt!


Så har eg og Alexander laga lussekattar. Er ikkje all verdens med julebakst her i huset. Er begrensa kor mykje julekaker me et her i huset. Vert ikkje store julebesøk her i kjellaren i år heller reknar eg med.

I dag var siste fridagen min før jul. Har fått handla inn siste rest av julegavane (manglar berre ein), så det er godt å væra i rute. No kjenner eg at eg kvir meg litt til hektiske jobbdagar før jul. Men GUD som eg gler meg til neste fredag. Ventar nok like mykje på nissen eg som det Alexander gjer. ;)

onsdag 1. desember 2010

1. desember

Endelig er desember her. Må sei dei siste månadane har gått veldig fort, men alikevel har eg venta på juletida. Det er verkelig den beste tida i året. Julegavane er så og sei i boks. Det er så kjekt å handla julegavar!

Eg og Alexander hadde fotosession i går. Det gjekk ikkje heilt som forventa. Det er vanskelig å ta fine bilder, særleg når motivet blir lei etter to minuttar ;) Det vart alikevel nokre søte bilder. Tannlaus som han er ;)








Plutseleg oppdaga han at han hadde fått eit lite kutt på fingeren. Panikk!

--------

Alexander fekk adventsbok av onkel Richard. Jostein Gaarders Julemysteriet. Det vert lange kapittel, og eg hadde trudd Alexander kom til å verta lei av så mange sider uten bilder, men neida. Han sat heilt i ro og fulgte ivrig med. Eg må sei eg likte det første kapittelet godt og, så me gledar oss begge til å fortsetta i morgo.


Eg fekk min etterlengta Dolce Gusto i dag så i kveld har eg kosa meg med fantastisk kakao!


Håpar alle kosar seg like mykje med jula og adventstida som det eg gjer!

søndag 28. november 2010

Jula nærmar seg

Etter ein månad vekke frå bloggen - vekke frå pc'n i det heile - er eg tilbake.
Har hatt mykje datatrøbbel og med nokre veker avvenning vart det tiltak å starta på att med blogginga. Eg håpar det skal bli bedre framover.

Me kosar oss som nører. Bur enno i kjellaren og det ser ut til at me vert buande nede til etter jul vertfall. Ting Tar Tid..

Legg ut nokre bilder frå siste månaden og, ettersom det er lenge sidan eg har blogga..


Den fyrste frosten.

Alexander snikrar i garasjen.

Me har fått oss ei kjempenydelig teddykanin! Kjempelodden og god!

Feline heiter ho.



Jentene på besøk hjå Lars i Dalen.


I går pynta eg og Alexander til jul her heime. Er ikkje så stort areal å pynte her nede, men det vart jammen koselig likevel. Var så kjekt å få fram englane mine. har bestemt meg for at ein del av dei nok vert verande att etter jul og. Og kanskje vert det fleir med tiden og. Eg gledar meg som ein unge til jul. Eg er ein ektremt "julete" person. Det er verkeleg den flottaste tida på året!



Eg har nokre nissar og, sjølv om dei er i fåtall. :)




Eg skal komme sterare tilbake og eg tykkjer det er kjekt at det folk som har etterlyst blogginga mi, då veit eg vertfall at den vert lesen. (Ettersom de er så dårlig til å kommentera ;))

mandag 20. september 2010

Kos i Norane!

Eg er litt treig med å blogga for tia, eg veit det. Men det er vel bedre seint enn aldri tenkjer eg.



Mamma var i Førde og kjøpte fine vaskepulverboksane til meg på kremmarhuset. :):)


I tillegg hadde ho kjøpt ei tøff ramme til meg og "handleliste" :D


Morsom handleliste! :) Snille mamman min!


Måtte ta eit bilde av Alexander der han sat godt tilbakelent i reclaineren sin i ståva og såg barnetv her om dagen.

------

I går var me så flinke at me var på skogs-/fjelltur, eg, Geir og Alexander. Me kosa oss masse! Me må bli flinkare til å komma oss ut - det er jo så godt! :)

Me gjekk opp på Klanten. På veg opp måtte Alexander setja seg ned og kvila seg litt. Kjekt å ha med seg ungar som ikkje går så fort, då vert ein ikkje så sliten sjølv heller ;)


Til tross for litt regn i graset var det kjempeflott turvær i går!


Då me var komne opp, kom sola fram og. Kjempeflott utsikt der oppe ifrå!


Har aldri vore der oppe før, så det var kjekt å ta turen dit. Har berre høyrt om plassen frå erfarne Nører. :p


Klart me måtte skriva oss i boka. Me var jo flinke til å gå!


Fine vesle familien min! ♥♥♥


Det var laaangt ned!


Me hadde med oss kjeks, jus og litt godteri. Er me på tur - så er me på tur.



Nøtteplukking.


Geir laga pil og boge til Alexander. Det var kjempestas, vertfall når han greidde å skyta med den og - heilt sjøl! (Og meg med sjokolade i munn.)


Me fann tyttebær og, men det vart ikkje plukking.


På veg ned att vart Alexander fascinert av at trea hadde skjegg, så han måtte få seg litt og. :D

Det er ikkje mykje blomstrar att blandt gule og brune blad på bakken, men inni mellom såg me nokre få overlevande.


Stien på veg ned att.



Eg spurde Alexander då kvelden kom, kva som var det kjekkaste med dagen i går. Han svarde: "Å sitja på greina HØGT oppe!"



Det var masse flugesopp rundt om. Mykje anna sopp og, men eg kan ærleg talt ikkje navna på så mange. Det var meiningen me skulle plukka kantarellar, men det var det kjempelite av.

Det er merkeleg korleir ekorna gløyver nøtene sine i to. Her leitar Alexander etter nøter om enno var heile etter at ekornet hadde vore der, men han fann ikkje ei.


Me kosar oss kjempemasse her inne!




onsdag 15. september 2010

Kalde haustdagar

Det er jammen godt at me har komme oss innover i Norane. Alt er så mykje lettare no med jobb og barnehage. Og endeleg kan me slappa av litt før me tek til at med måling og oppussing.



Me kjøpte oss kjøkenbord og stolar som skulle væra lite nok til å ha i leiligheiten i kjellaren (som skal ålast kvitt med tida). Eg er glad me gjorde det, for ungane tykkjer vertfall det er kjekt å kunne leike med kitt og spele spel her. Kjekt for Alexander å ha gode venninder i nærheiten.



Sara og Alexander var travelt opptatt med å laga figurar og "taco" her på søndags føremiddag.


Sara er godt konsentrert. :)

På ettermiddagen var tvillingane og med ned til oss for å spela memory. :)


Godguten min ville at eg skulle ta bilder av han. Her er resultata:







--------

I går kveld var jentene samla i klubb att. Denne gangen var det hjå Silje.

Ho hadde vore i London og alle fekk gave hjå ho. Søte drops, engelsk te og heimestrikka tøfler frå Fru Gustavsen.


Silje hadde laga heilt fantastisk nydelig mat! Vert nok ikkje lenge til eg skal lage denne retten att.

Og kjempegod eplekake og is til dessert! Nammm!



Tøflene var kjempefine!! Dei kjem og godt med i desse kalde haustdagane. Eg elskar dei allerede!


Fine dropsboksen!

Ellers går alt flott i nye jobben og. Det tek tid å setja seg inn i alt, men det går vertfall framover. Kjekt når ein lærer noko lytt kvar dag og!

Håpar alle får ein kjempekos kveld, eg skal koka meg ein kopp te og slappa av framfor tv'n. :)