mandag 20. september 2010

Kos i Norane!

Eg er litt treig med å blogga for tia, eg veit det. Men det er vel bedre seint enn aldri tenkjer eg.



Mamma var i Førde og kjøpte fine vaskepulverboksane til meg på kremmarhuset. :):)


I tillegg hadde ho kjøpt ei tøff ramme til meg og "handleliste" :D


Morsom handleliste! :) Snille mamman min!


Måtte ta eit bilde av Alexander der han sat godt tilbakelent i reclaineren sin i ståva og såg barnetv her om dagen.

------

I går var me så flinke at me var på skogs-/fjelltur, eg, Geir og Alexander. Me kosa oss masse! Me må bli flinkare til å komma oss ut - det er jo så godt! :)

Me gjekk opp på Klanten. På veg opp måtte Alexander setja seg ned og kvila seg litt. Kjekt å ha med seg ungar som ikkje går så fort, då vert ein ikkje så sliten sjølv heller ;)


Til tross for litt regn i graset var det kjempeflott turvær i går!


Då me var komne opp, kom sola fram og. Kjempeflott utsikt der oppe ifrå!


Har aldri vore der oppe før, så det var kjekt å ta turen dit. Har berre høyrt om plassen frå erfarne Nører. :p


Klart me måtte skriva oss i boka. Me var jo flinke til å gå!


Fine vesle familien min! ♥♥♥


Det var laaangt ned!


Me hadde med oss kjeks, jus og litt godteri. Er me på tur - så er me på tur.



Nøtteplukking.


Geir laga pil og boge til Alexander. Det var kjempestas, vertfall når han greidde å skyta med den og - heilt sjøl! (Og meg med sjokolade i munn.)


Me fann tyttebær og, men det vart ikkje plukking.


På veg ned att vart Alexander fascinert av at trea hadde skjegg, så han måtte få seg litt og. :D

Det er ikkje mykje blomstrar att blandt gule og brune blad på bakken, men inni mellom såg me nokre få overlevande.


Stien på veg ned att.



Eg spurde Alexander då kvelden kom, kva som var det kjekkaste med dagen i går. Han svarde: "Å sitja på greina HØGT oppe!"



Det var masse flugesopp rundt om. Mykje anna sopp og, men eg kan ærleg talt ikkje navna på så mange. Det var meiningen me skulle plukka kantarellar, men det var det kjempelite av.

Det er merkeleg korleir ekorna gløyver nøtene sine i to. Her leitar Alexander etter nøter om enno var heile etter at ekornet hadde vore der, men han fann ikkje ei.


Me kosar oss kjempemasse her inne!




3 kommentarer:

  1. So masse fint mamman din hadde kjøpt då:) Heldige du!!

    Masse fine bilder, må nok blogge meir no når de ha komme dikka litt i ro:) Har ikkje vore so flink i det siste eg heller:)

    Klem:)

    SvarSlett
  2. Ha ikkje sjekka om dei sende til Norge...bli sikkert DYRT!!!! i tilfelle:/

    SvarSlett
  3. flugesopp er farlig vett du må ikke spises!

    SvarSlett