onsdag 15. september 2010

Kalde haustdagar

Det er jammen godt at me har komme oss innover i Norane. Alt er så mykje lettare no med jobb og barnehage. Og endeleg kan me slappa av litt før me tek til at med måling og oppussing.



Me kjøpte oss kjøkenbord og stolar som skulle væra lite nok til å ha i leiligheiten i kjellaren (som skal ålast kvitt med tida). Eg er glad me gjorde det, for ungane tykkjer vertfall det er kjekt å kunne leike med kitt og spele spel her. Kjekt for Alexander å ha gode venninder i nærheiten.



Sara og Alexander var travelt opptatt med å laga figurar og "taco" her på søndags føremiddag.


Sara er godt konsentrert. :)

På ettermiddagen var tvillingane og med ned til oss for å spela memory. :)


Godguten min ville at eg skulle ta bilder av han. Her er resultata:







--------

I går kveld var jentene samla i klubb att. Denne gangen var det hjå Silje.

Ho hadde vore i London og alle fekk gave hjå ho. Søte drops, engelsk te og heimestrikka tøfler frå Fru Gustavsen.


Silje hadde laga heilt fantastisk nydelig mat! Vert nok ikkje lenge til eg skal lage denne retten att.

Og kjempegod eplekake og is til dessert! Nammm!



Tøflene var kjempefine!! Dei kjem og godt med i desse kalde haustdagane. Eg elskar dei allerede!


Fine dropsboksen!

Ellers går alt flott i nye jobben og. Det tek tid å setja seg inn i alt, men det går vertfall framover. Kjekt når ein lærer noko lytt kvar dag og!

Håpar alle får ein kjempekos kveld, eg skal koka meg ein kopp te og slappa av framfor tv'n. :)

1 kommentar:

  1. <3<3<3
    Fint du koste deg i går! Gjorde eg og! Tiden går berre så alt for fort! Ha ein kos kveld :) Klem

    SvarSlett