fredag 3. september 2010

Koselig dag

I dag har det vore ein flott dag. Alexander har hatt fri frå barnehagen, så me har kosa oss masse. Han var hjå tannlegen i dag tidleg. Var så flink! Tannlegen vart overraska over kor tidleg ute han var med tannfelling, men mamma seier at eg og var rundt 5 då eg begynte å myssa tenner. Som mor som sønn. :) Me var i Sogndal, eg fekk kjøpt meg bukser og nye sko til jobb. Godt nøygd.
Då kveldingen kom reiste eg og Alexander på kino og såg Toy Story 3. Gjett om guten var nøygd! Toy Story er det heilt store for tida og det var ekstra spennande når me skulle sjå filmen på kino. :)

Sleng og på nokre bilder frå i går.


I går fekk eg stoffet til puta til benken min. Kan ikkje sei eg har mykje erfaring med symaskiner, men det gjekk faktisk overraskande bra. :)

Det forrige trekket på puta var ikkje særleg vakkert. Trengte fornying.


Fylte opp eitt av glasa mine i dag. ♥

Jommen har eg fått tak i kvit te-kanne. Har leitt og leitt, men ting er til tide nærmare enn ein trur. Det var selfølgelig mamma som kom meg til unnsetning. :)

Toy Story!

Det var ein som var veldig spent og glad då me venta på at filmen skulle begynna. Me måtte sjå på plakatane mange gonger imens me venta.

Endeleg åpna kiosken. "Popcorn må ein alltid ha på kino". Dette har han fått med seg. ;)


Guten min kosar seg! ♥♥ Tenk så heldig eg er som har ein slik god gut! ♥♥


Ha ei strålande helg alle sammen!

5 kommentarer:

  1. So kosle dag de ha hatt :) og grattis me te-kanna:) eg fann berra dyre i førde.. :( vait no kem eg ska høyra me om nåke ska syast :D natti :)

    SvarSlett
  2. Ja, vakje enkelt å finna kvite te-kanna. Men so hadde mamma som eg kunne få. Jejj! Skulle muligens hatt ei som var LITT større, men bedre enn ingenting vertfall.
    Hah, berre å spørja. Tykkje slikt e kjekt eg. :) Men skulle hatt meg symaskina dao..

    SvarSlett
  3. Nydelig te-kanne! :) Og herlig med kino med popcorn og snop! Fikk lyst til å dra selv :)

    Koselig at du vil være med på min give away :)

    Med ønsker om en finfin søndag :)
    Klem Karina

    SvarSlett
  4. Heisan. Tusen takk for koselig hilsen, og en deilig høst til deg også. :0)

    SvarSlett
  5. Du får ønska deg symaskin til jul veit du ;) Tenkte på giveaway når eg nærma meg 10000 klikk på bloggen min eg, so får sjå om ei stund:)

    Korleis går det med avdelingsleiaren??

    Ha ein fin dag på jobb ( i soli) :P !!!

    SvarSlett