mandag 20. september 2010

Kos i Norane!

Eg er litt treig med å blogga for tia, eg veit det. Men det er vel bedre seint enn aldri tenkjer eg.



Mamma var i Førde og kjøpte fine vaskepulverboksane til meg på kremmarhuset. :):)


I tillegg hadde ho kjøpt ei tøff ramme til meg og "handleliste" :D


Morsom handleliste! :) Snille mamman min!


Måtte ta eit bilde av Alexander der han sat godt tilbakelent i reclaineren sin i ståva og såg barnetv her om dagen.

------

I går var me så flinke at me var på skogs-/fjelltur, eg, Geir og Alexander. Me kosa oss masse! Me må bli flinkare til å komma oss ut - det er jo så godt! :)

Me gjekk opp på Klanten. På veg opp måtte Alexander setja seg ned og kvila seg litt. Kjekt å ha med seg ungar som ikkje går så fort, då vert ein ikkje så sliten sjølv heller ;)


Til tross for litt regn i graset var det kjempeflott turvær i går!


Då me var komne opp, kom sola fram og. Kjempeflott utsikt der oppe ifrå!


Har aldri vore der oppe før, så det var kjekt å ta turen dit. Har berre høyrt om plassen frå erfarne Nører. :p


Klart me måtte skriva oss i boka. Me var jo flinke til å gå!


Fine vesle familien min! ♥♥♥


Det var laaangt ned!


Me hadde med oss kjeks, jus og litt godteri. Er me på tur - så er me på tur.



Nøtteplukking.


Geir laga pil og boge til Alexander. Det var kjempestas, vertfall når han greidde å skyta med den og - heilt sjøl! (Og meg med sjokolade i munn.)


Me fann tyttebær og, men det vart ikkje plukking.


På veg ned att vart Alexander fascinert av at trea hadde skjegg, så han måtte få seg litt og. :D

Det er ikkje mykje blomstrar att blandt gule og brune blad på bakken, men inni mellom såg me nokre få overlevande.


Stien på veg ned att.



Eg spurde Alexander då kvelden kom, kva som var det kjekkaste med dagen i går. Han svarde: "Å sitja på greina HØGT oppe!"



Det var masse flugesopp rundt om. Mykje anna sopp og, men eg kan ærleg talt ikkje navna på så mange. Det var meiningen me skulle plukka kantarellar, men det var det kjempelite av.

Det er merkeleg korleir ekorna gløyver nøtene sine i to. Her leitar Alexander etter nøter om enno var heile etter at ekornet hadde vore der, men han fann ikkje ei.


Me kosar oss kjempemasse her inne!




onsdag 15. september 2010

Kalde haustdagar

Det er jammen godt at me har komme oss innover i Norane. Alt er så mykje lettare no med jobb og barnehage. Og endeleg kan me slappa av litt før me tek til at med måling og oppussing.



Me kjøpte oss kjøkenbord og stolar som skulle væra lite nok til å ha i leiligheiten i kjellaren (som skal ålast kvitt med tida). Eg er glad me gjorde det, for ungane tykkjer vertfall det er kjekt å kunne leike med kitt og spele spel her. Kjekt for Alexander å ha gode venninder i nærheiten.



Sara og Alexander var travelt opptatt med å laga figurar og "taco" her på søndags føremiddag.


Sara er godt konsentrert. :)

På ettermiddagen var tvillingane og med ned til oss for å spela memory. :)


Godguten min ville at eg skulle ta bilder av han. Her er resultata:







--------

I går kveld var jentene samla i klubb att. Denne gangen var det hjå Silje.

Ho hadde vore i London og alle fekk gave hjå ho. Søte drops, engelsk te og heimestrikka tøfler frå Fru Gustavsen.


Silje hadde laga heilt fantastisk nydelig mat! Vert nok ikkje lenge til eg skal lage denne retten att.

Og kjempegod eplekake og is til dessert! Nammm!



Tøflene var kjempefine!! Dei kjem og godt med i desse kalde haustdagane. Eg elskar dei allerede!


Fine dropsboksen!

Ellers går alt flott i nye jobben og. Det tek tid å setja seg inn i alt, men det går vertfall framover. Kjekt når ein lærer noko lytt kvar dag og!

Håpar alle får ein kjempekos kveld, eg skal koka meg ein kopp te og slappa av framfor tv'n. :)

søndag 12. september 2010

Testar blogging frå mobil

No er me endelig innflytt i Norane. I går vart resten av møblane flytte og me brukte fem og ein halv time på å vaska ned leiligheiiten med fire stk i arbeid. Det er enno mykje arbeid att her inne, og me bur foreløbig berre i kjellarleiligheita. Men jammen skal eg sei det er godt å væra ferdig med flyttinga og vaskinga på Leikanger. Eg har ikkje noko bilder å komma med i dag, det er ganske så hektisk for tida så eg orkar ikkje begynne med bildeopplasting akkurat no. Eg skal komma sterkare tilbake når me kjem oss meir i orden og får litt meir ro over oss.

Ha ein fortsatt fin søndag!
Published with Blogger-droid v1.5.9

fredag 3. september 2010

Koselig dag

I dag har det vore ein flott dag. Alexander har hatt fri frå barnehagen, så me har kosa oss masse. Han var hjå tannlegen i dag tidleg. Var så flink! Tannlegen vart overraska over kor tidleg ute han var med tannfelling, men mamma seier at eg og var rundt 5 då eg begynte å myssa tenner. Som mor som sønn. :) Me var i Sogndal, eg fekk kjøpt meg bukser og nye sko til jobb. Godt nøygd.
Då kveldingen kom reiste eg og Alexander på kino og såg Toy Story 3. Gjett om guten var nøygd! Toy Story er det heilt store for tida og det var ekstra spennande når me skulle sjå filmen på kino. :)

Sleng og på nokre bilder frå i går.


I går fekk eg stoffet til puta til benken min. Kan ikkje sei eg har mykje erfaring med symaskiner, men det gjekk faktisk overraskande bra. :)

Det forrige trekket på puta var ikkje særleg vakkert. Trengte fornying.


Fylte opp eitt av glasa mine i dag. ♥

Jommen har eg fått tak i kvit te-kanne. Har leitt og leitt, men ting er til tide nærmare enn ein trur. Det var selfølgelig mamma som kom meg til unnsetning. :)

Toy Story!

Det var ein som var veldig spent og glad då me venta på at filmen skulle begynna. Me måtte sjå på plakatane mange gonger imens me venta.

Endeleg åpna kiosken. "Popcorn må ein alltid ha på kino". Dette har han fått med seg. ;)


Guten min kosar seg! ♥♥ Tenk så heldig eg er som har ein slik god gut! ♥♥


Ha ei strålande helg alle sammen!

onsdag 1. september 2010

1 september

Endelig kan me offisielt kalla det haust. Eg likar hausten! Vertfall slik som været er no. Sol, men alikevel kaldt i lufta. Nydelig!

I dag har eg hatt fri. Eg har måla, vore på vaffelbesøk hjå Edith, henta symaskina hjå mamma og ordna litt på benken min. ♥


Denne muggen har mamma hatt ståande oppå kjøkenskapet sitt lenge. Eg tykkjer den er SÅ fin! I dag hadde ho oppryddning og sa eg berre kunne få den. Gjett om eg vart glad! Ho meinte ho ikkje hadde noko plass å setja den, men det skal jammen eg finna. ♥


Min wallsticker-debut. Tykte benken min vart nydelig med denne wallstickeren. Den kunne muligens ha vore litt lenger, men det vart flott uansett tykte eg!!


No ventar eg berre på stoff til sitteputa, så er benken min fix ferdig! Eg er foreløbig godt fornøyd. Så mykje finare ting kan bli med berre litt måling og dill.

Håpar alle har ein kjempeflott haustdag i dag! Eg nyt den!