Eg og Alexander hadde fotosession i går. Det gjekk ikkje heilt som forventa. Det er vanskelig å ta fine bilder, særleg når motivet blir lei etter to minuttar ;) Det vart alikevel nokre søte bilder. Tannlaus som han er ;)
♥♥♥
Plutseleg oppdaga han at han hadde fått eit lite kutt på fingeren. Panikk!
--------
Alexander fekk adventsbok av onkel Richard. Jostein Gaarders Julemysteriet. Det vert lange kapittel, og eg hadde trudd Alexander kom til å verta lei av så mange sider uten bilder, men neida. Han sat heilt i ro og fulgte ivrig med. Eg må sei eg likte det første kapittelet godt og, så me gledar oss begge til å fortsetta i morgo.
Eg fekk min etterlengta Dolce Gusto i dag så i kveld har eg kosa meg med fantastisk kakao!
Håpar alle kosar seg like mykje med jula og adventstida som det eg gjer! ♥♥♥
mmmmmmmmmmm kakao.....
SvarSlett