mandag 24. januar 2011

Endelig tilbake!

No er det over ein månad sidan sist eg blogga, så jammen er det på tide. Eg må unnskylda meg med at eg ikkje har hatt så lett for å få bilder inn på pc osv pga at eg ikkje har hatt eigen data. Men no er det problemet løyst. Har fått meg ny Sony Vaio av min kjære til bursdagspresang (greidde å mase meg til det nesten ein månad før eg har bursdag). Måtte så klart legge i litt sjølv og, men eg er foreløbig strålande fornøygd. :)

Min kvite nye vaio! ♥

Me har hatt ei kjempefin jul her i heimen. Har ikkje vore så mykje julepynting ettersom det ikkje er så god plass her, men det vart litt (tilogmed juletre hadde me). Jula kom og gjekk at veldig fort i år og, så no er me godt tilbake til kvardagen. Me har virkelig begynt att med oppussinga oppe. Ståva er nesten ferdig - manglar eit strøk lakk på golvet så er den klar for innflyttning av tinga våre. Me er ferdige med den flotte peisen, eg har målt veggane ståva rundt og Geir har sett opp ein ny (halv-)vegg. Eg gledar meg så enormt til å få i det minste sett fram tinga mine att som har stått stua i øskjer i fire månadar no. Det har og komme til ein del nye ting etter kvart som eg gledar meg til å få på plass.

♥♥♥



Kjøkenet oppe har og opplevd nokre forandringar. Geir har reve ned heile kjøkkeninnredninga, så der er det og snart klart for måling att. Det vert så kjekt å få opp nytt kjøken! Eg saknar VIRKELIG oppvaskmaskin her nede i kjellaren..

Merkar det vert ein del "dill" her heime etter kvart. Desse kjøpte eg før jul. Tekoppar som rommar 6 dl. Litt for store til å drikke te av kanskje, men dei er veldig fine då..


Eg har litt småprosjekt innimellom oppussinga og. Dette var ein brun kasteklar vinkasse. Eg målte den kvit og VIPS - Alexander fekk seg eit hemmeligheitsskrin.

Eg veit eg har sagt det kvar gong eg har blogga i det siste; men no SKAL eg bli bedre. No har eg rett og slett ingen unnskyldning. Eg har forresten slutta å røyke og (jaja, enno berre i tre dagar), så eg treng noko å setje fingrane i. :)


4 kommentarer:

  1. Jejj♥ No har du ingen unnskyldning for ikkje å blogge meir :)
    Me får ta oss ein tur inn ein dag og sjå kor langt de e kommne :)
    Får rope ut viss de treng hjelp då :)

    Gonattklem♥

    SvarSlett
  2. Ja, de får gjer da. :) Ja, ekje so mykje å hjepa me nett endao. :)

    Nattkos! :)

    SvarSlett
  3. synest du er kjempe flink med røyke slutt og kreative ideer.... you go girl!

    SvarSlett
  4. So flink du e! Med oppussing og måling, og ikkje minst røykeslutt!! :) Blir spennande å sjå korleis de får da oppe:) Såg ut so ein knall PC du ha faott deg og!Grattis! Eg ska verta flinkare å kommentera bloggen din btw :)
    Ha ein super dag! Klem

    SvarSlett