onsdag 26. januar 2011

Kakao ♥

No har eg endeleg sett meg ned med ein kopp kakao etter ein lang dag. Var på besøk til mamma og pappa ein tur etter jobb, og etter eg hadde komt heim og ete middag var det i gang med husarbeid, vasking og børsting av den enorme pelsen som Feline (kanina) har fått i vinter, rensing av kaninbur og listemåling. Tykkjer eg har vore effektiv i dag.



I gårkveld vart me sittande heile kvelden og tegna kjøkenet vårt på ikea sin kjøkenplanleggar. Trur det kjem til å bli ganske så fint oppe når me er ferdige.
Planen er å reisa til Åsane og handla neste fredag. Gud kor eg gler meg!


Nye fine lampa vår. Godt fornøygd. No manglar eg berre lysekrone i den andre enden av stova. Har ikkje bestemt meg for korleis eg skal kjøpe enno.



Vakre hjem og interiør gir mykje inspirasjon.



Sandkakeformene eg fekk av Anita. Supersøte!

Eg lagde meg sykrukke utav eit Norgesglas her om dagen. Tykte det søtt fint eg :)

No er det snart sengetid for meg. Har begynt å få ein tendens til å forsova meg om morgonane. Er ganske så sliten for tiden. Får slappe av til våren heller.

Ha ein strålande kveld!!

3 kommentarer:

  1. So fine lampa! Kest du ha kjøpt dan hen?

    SvarSlett
  2. Ha kjøpt den på bohus. Var på tilbud og greierr. kosta 799,- :) Fin ja? :):)

    SvarSlett
  3. Vakje so galen pris da! Ja,dan va kjempefin!! :) Dan likte eg:)

    SvarSlett