mandag 14. mars 2011

Vårsalat

Det er ein heilt fantastisk flott dag i dag. Var ute og henta posten ista og lukta på den milde vårsola. Sjølv om det har komme masse snø dei siste dagane fekk eg verkeleg vårfornemmelse i dag. Derfor vart det fruktsalat på oss. Synd småtten er tusken; at me ikkje kan ut i finværet, men me prøver å kosa oss så godt me kan lell.

Nesten rart å være heime utan å være sjuk, og utan å ha måling og oppussing hengande over meg. Dagen går veldig sakte når ein ikkje har noko spesielt å ta seg til. No skal eg gjere alvor av vindusshoppinga mi på HM. Trur det er ein god del som kan kastast frå skåpet mitt no og. Klær har ikkje vore den store prioriteten i det siste så eg trur det er på tide.

Det vert ikkje Bergen på meg i morgon likevel. Vart ordentlig skuffa då me fann ut i går kveld at IKEA Åsane ikkje enno har fått inn att skuffefrontane og dørane me skal ha. Det er så typisk.. Eg som hadde gleda meg sånn til shoppingtur ilag med brodern og Alexander. :( SEIGT..

Det vert god tid til å blogga når ein sit heime slik ;)

Håpar sola skin hjå deg og!

Klem

1 kommentar:

  1. Takk♥
    Korleis går det med Alex dao? Ser han har vå sjuke??

    Natti♥

    SvarSlett