onsdag 11. august 2010

Siste dag i barnehagen.

I dag var siste dagen min på jobb i Nybø etter eit halvt år med dei hærlige små og det var siste dagen til Alexander i hass barnehage etter tre år.

Heile dagen i dag har vore veldig rar. Eg tykte det var veldig trist å ta avskjed med både store og små i barnehagen. Gud, eg kjem til å sakna dei sånn!

Eg har trivst så utruleg godt i denne jobben og tykkjer det er heilt pyton at eg ikkje skal få væra der meir. Håpar det kjem ledige stillingar der att snart og at eg i det minste får komma og væra vikar der att i mellomtida.

No får eg konsentrera meg om å søkja jobbar og pussa opp i Norane. Håpar det vert jobb att på meg i næraste framtid.




Det var ei mamma i barnehagen som hadde laga kake til oss i dag.




Me kosa oss masse i barnehagen i dag.

No skal eg snart gjere meg klar til klubb hjå Anita. Gledar meg!!

1 kommentar:

  1. Hadde det som alltid superkoseleg i går:) So masse fine bilder!!

    SvarSlett