fredag 27. august 2010

Ny jobb, happy days!

Det har ikkje vorte mykje blogging i det siste (har eg begynt mange gonger med denne setninga?), men det har ikkje vore mykje å blogga om. Det har gått i eitt i det siste. Kjøyrt Alexander i barnehagen i Ylvisåker, utatt på jobb i barnehagen der eg har vore vikar dei siste dagane, innatt for å henta Alexander i barnehagen, opp i Norane for å måla, så heim for å prøva å holda klesvasken og leiligheiten litt i sjakk. Sliten om dagane.


I dag har eg fått gode nyheiter.


Eg har fått meg jobb som avdelingsleiar på Elkjøp. Min første jobb på mange år der eg ikkje er vikar. Det er jammen godt!!

Eg gledar meg til å begynna i ny jobb og eg gledar meg enormt til flytting. Har så smått begynt å pakka, men det er nesten så eg gir opp før eg har begynt. Det er så mykje å pakka når ein skal flytta!


No har eg leikt frisør på min kjære, så no er eg ferdig med det som skal gjeras for kvelden og skal endelig slappa av og sjå tv og nyta tilværelsen!

God helg alle sammen!!

8 kommentarer:

  1. Gratulere med ny jobb da :) Kjekt det med fast jobb.

    Ha ei fin helg!!

    SvarSlett
  2. Grattisgrattisgrattisgrattisgrattisgrattisgrattisgrattisgrattis;)
    Gla på dine vegne :)))))

    Go´natt klem!!

    SvarSlett
  3. GRATULERA SO MYKJE!!! So kjekt dao!! Fast jobb dao elle?

    Når begynna du? So flott!!
    Klem

    SvarSlett
  4. Ja, men prøvetid pao eit halvt aor fyst dao, men DA ska eg no klara meg igjøno ;D Tusen takk btw :):) Godt krye!

    SvarSlett
  5. Heilt fantastisk! Da ordna seg alltid for snille jenter veit du ;)
    Du ha lov å ve krye! Feira i måro dao??

    SvarSlett
  6. Faor sjao pao da. Eg e so utrule slitn fu tidn. Mykje å ta tak i om dagen. Mi faor sjao. Du vert ikkje me?

    SvarSlett
  7. Gratulerer med ny jobb Oline. Hilsen fra Jacob og Synnøve

    SvarSlett
  8. Tusen takk Synnøve! So kjekt at du er innom bloggen min. Gi ein kos til Jacob frå meg! Saknar han!

    SvarSlett