lørdag 28. august 2010

Benken er ferdigmålt.

No er benken min ferdigmålt og godt er det. No manglar det å sy trekk til puta som høyrer til, pluss nokre små detaljar, så er den klar for innflytting.

I dag har eg vaska ut av leiligheiten i kjellaren i "huset vårt", så no er vertfall den klar til at me flyttar innover. Gjenstår berre (mykje) meir pakking.

Skulle eigentleg på jentekveld hjå Therese i kveld, men er heilt utslått om dagen rett og slett. Skal bli så godt når Alexander har lagt seg og eg skal setja meg ned og verkeleg slappa av. Lang dag med oppussing og vasking.


Benken min FØR måling. Utruleg nok såg den meir gul ut på dette bildet, men den var eigentleg mintgrøn-ish..

Den vart gaaanske så fin etter at den vart kvit. Godt fornøygd.


Og så har me snille snille Anita! Ho hadde kjøpt gratulerar-med-ny-jobb-blomstrar til meg i dag! Tusen takk Anita! Du er berre søtast!

3 kommentarer:

  1. Benken vart knallfin den;) Har du bestillt stoff??
    Parkert forran tven eg og no;) Sliten!!

    Fortjente blomster no veit du ;)

    SvarSlett
  2. Nei, har ikkje bestilt stoff enda. Tenkte eg skulle prøva få gjort det no. :)

    SvarSlett
  3. Veldig fin benk ja.....

    SvarSlett