søndag 22. august 2010

Familiehelg på Bryggja

I helga har me vore på hyttetur med familien min for å feira bursdagen til mamma. Me var alle som var med til Danmark i sommar, utanom at Tom Erik ikkje var med, men Janicke, kjæresten til Mikal var med istaden.
Me fiska masse frå kaien og fekk ca 70 makrell til saman på to dagar. Ikkje værst berre det! (Eg var så heldig at eg fekk 1...)
På laurdagen var me i Måløy og eg fann meg eit superflott hjørne på Fagmøbler. Det var SÅ mykje fine tig der at hadde eg hatt meir peng, kunne eg ha kjøpt så og seie alt som var der.
Fekk med meg ei del fine ting heim. Gledar meg sånn til det vert klart i Norane og eg får tatt tiga mine i bruk.


På fargerike hadde dei og ein del fine ting. Der kjøpte eg meg asjettar og krus. ♥

Desse krukkene kjøpte eg på fagmøbler. Coffee, Tea og Sugar.

Fine boksane!

Bilderamme frå Lisbeth Dahl. Duken fekk eg av Richard før helga og den passar perfekt saman med sukkerskåla og "syltetøyskåla" (veit ikkje heilt kva eg skal kalle de andre) som eg kjøpte i Måløy.

Litt stæsj frå Greengate.

Boksen som asjettane mine ligg i var også superfin. Må nok ta vare på den og.


Laurdagskvelden kosa me oss med reker, heimefiska makrell, og taco til "oss ungane" som ikkje et reker og fisk.


Janicke og Alexander spelar Yatzy.

Ivrige fiskarar.


Fiskelykken er på plass.


Mariell har fått fisk, men Janicke må trø til for å ta den av kroken.


Det har alt i alt vore ei koselig helg, til tross for at det stort sett har vore regn og vind.
Godt å væra heima att i sofaen og!


6 kommentarer:

  1. Ekje so fele flinke med symaskina nei ;)
    So masse fint du har kjøpt deg :) Fått dilla på GreenGate du og eller???

    Ser no ut som de hadde det fint :)

    SvarSlett
  2. For å ve ærlig så visste eg ikkje at da va greengate før eg kom heim. hehe.. Eg og systao vart heilt forelska i butikken der. :D so masse fint dei hadde der!

    SvarSlett
  3. So bra at da vart litt shopping dao:) E samme serien so eg ha i GreenGate datta:)

    SvarSlett
  4. hehe... e da? mi ha visst rimelig lik smak. Ska nåke ti å kjøpa nåke fu meg so ikkje du allerede ha ;D

    SvarSlett
  5. So fine ting du ha shoppa, og da sir ut so de ha hatt ein fine tur te Bryggja i helgi. Godt me slike koslege helga vekk ifrao kvardagen av å te.. :) Good Luck tumårrow :)

    SvarSlett