søndag 13. februar 2011

Mammadagen

I dag er det mammaen sin dag. Det vart ikkje frokost på senga, men me kosa oss masse med rundstykkjer ved kjøkkenbordet istaden.Det har vore ein kjempeflott dag i dag. Sola skin på kvite bakkar, guten min er supersnill, og eg set meg ned i sofan med god samvittigheit og ein kopp te.

Eg tykkjer teksten inni koppen er så fin.

"Du er alltid der når jeg trenger deg. Du beskytter meg og jeg kan stole på deg. Jeg burde si til deg oftere hvor mye jeg setter pris på deg. Tusen takk for at du er min Mamma."


Det vart te i mammakoppen i dag. Den fekk eg av Alexander i fjor (eller var det året før?). Det har vorte eit skår i den, men det gjer ingen verdens ting på ein dag som denne.

Alexander hadde tegna til meg i dag. Er ikkje ofte han har tolmodigheit til å setje seg ned og gjere seg så fore med tegninga si. Her har han tegna meg og han og masse sol


Det er heilt nydelig vær her i dag! Berre synd me ikje har hatt tid til å væra ute i dag. Enno mykje å gjere her heime når me først har fri.

Etterpå skal me på besøk til Mamma. Det er jo tross alt min mamma sin dag og


Ha ein strålande mammadag alle mammaer! Me fortjener denne dagen. :)






2 kommentarer:

  1. heisann!!
    koselig innlegg! må si jeg liker morsdag bedre enn valentines day gitt!!

    ønsker deg en fiin kveld

    klem beate

    SvarSlett
  2. Jaa eg e heldige♥
    Fine kopp du har dao- artig med teksten inni :)

    SvarSlett