lørdag 26. februar 2011

Endelig helg!!

No har eg sittet her og sett igjennom alle nye innlegg av bloggane eg følger og eg kosar meg max!
Eg har endelig helg etter ein hard dag på jobb, så heim til oppvask og middagslaging. Eg har dusja og endelig fått roa meg ned etter dagen. Eg gledar meg til å sove "lenge" i morgon.


Eg haaar så lyst på denne nye serien frå Green Gate. Eg var på "vindusshopping" hjå Emily Rose i går. La alt eg ville ha i handlekorga, men det vart fort veldig (og alt for) dyrt. *sukk* Den som hadde vore rik..

Eg burde jo egentlig sett etter noko eg faktisk MÅ ha. Gardiner til kjøkkenet fex. Eg veit enno ikkje kva eg skal ha der. Det er eitt "vanleg" vindauga der pluss eit smalt avlangt eitt. Eg må derfor ha hardiner/kappe el. som matchar på desse to. Om nokon har forslag så er det berre å komme med det. Tykkjer slikt er vanskelig..

Mannen held på med elektrikararbeid på kjøkenet. Me har fått golvbelegg der oppe og no. Vart så fint! I morgon blir det endelig begynt på kjøkkeninnredninga og eg ser lys (oppvaskmaskin) i tunnelen ;)

Ha ein fantastisk kveld alle sammen. Kjempekjekt at de legg att eit hei!

Forresten! Eg har plutselig over 4000 besøk, og over 1000 av dei er frå den siste månaden! Utruleg kjekt!!

Stor klem Oline

1 kommentar:

  1. Kjempefin serie du ønskar deg.
    E so kosele med Greengate. Blir sikkert fint ao dikka når alt e ferdig.

    God helg!!

    SvarSlett