mandag 7. februar 2011

Travle dagar

I helga var me til Bergen og henta kjøkken, så resten av helga gjekk til å gjere resten av ståva heilt ferdig så me kan begynna på kjøkenet. Håpar det kjem opp til neste helg så rekk me kanskje bli ferdige til bursdagen min likevel! Me manglar nokre skuffefrontar og skapdørar. Benkeplatehar me heller ikkje skaffa oss enno, men me håpar me skal finne det i løpet av veka.

Eg er så glad i ståva mi oppe no. Det ER så fint der og eg vert meir og meir overvelda over kor stor forandring måling kan gjera. De skal få sjå meir av den seinare.


Det vart litt smågreier i bergen og... ♥

Eg såg etter lysekrone og hadde eigentleg gitt opp å finna ei eg likte godt nok - før eg fann denne på ein Interflorabutikk. Utruleg nydelig!! ♥♥♥ Elskar glaskuppelen i midten av lampa!


Ellers går det i måling, måling og måling for meg. Eg er endelig ferdig med fire strøk inni øvre delen av vitrineskåpet, og tre strøk inni nedre delen. No kjem det værste - eg skal begynne å måla det utanpå. Det er værre om det ikkje vert fint utanpå enn inni liksom..
I morgon har eg fri så då vert det nok oppussingsdag her. Har sjelden tid til å slappe av for tida - gledar meg sånn til å kunne setje meg ned i den fine "nye" ståva vår og puste ut når me vert ferdige.


Ha ein fortsatt god mandagskveld alle sammen!

4 kommentarer:

  1. Sooo fine lysekrona var♥
    Bli nok kjekt å bli ferdige ja!!

    Gonattklem frå meg

    SvarSlett
  2. So nydle lysekruna!!! Gleda meg te å sjao sluttresultatet av alt <3

    SvarSlett
  3. Jau vart fint ;) Øystein lurte på kor lenge det kom til å vere ryddigt der ;) Ha visst ikkje heilt trui på meg ;)

    Gleda meg til de e heilt ferdige eg og ;)

    SvarSlett
  4. So fint Oline! Eg e so misunnle pao dikka so faor da so fint! Gler meg ti å sjao da neste helg!
    Klem

    SvarSlett