fredag 22. april 2011

Fantastisk fin langfredag!

I dag har me vore på nydelig tur i finværet ilag med gode vener
Det har vore heilt fantastisk vær i dag, nesten sommartemp og så og seie vindstille. Me har vore ute stort sett i heile dag og eg kjenner det gjer virkelig godt for kroppen at våren har komt.
Eg har gått litt lei av blogginga i det siste, men skal prøve å komme tilbake no.

Påskeharen hadde vore hjå Stine og lagt att påskeegg til ho! Heldiggrisen!


Me gjekk over neset frå Naglatun til Leirviki.

I Leirviki sto det ein tjeld og sola seg.



Dagens bilde: Pusen la sin elsk på Stine!

No er eg "åleine heime"; dvs at mannen er utomhus i kveld, og eg har sett siste episode av sesong 7 av Greys Anatomy og grine for meg sjølv. ;)
Håpar alle har hatt ein like flott langfredag som det eg har!

Gratulerar så kjempemasse med dagen, Therese!! Eg er så supergla i deg skal du vita! Håpar du har hatt ein fantasisk dag! ♥♥

3 kommentarer:

  1. Nååh! Takk Takk Oline! Gla i deg og vaitu <3

    SvarSlett
  2. So fine bilder:) da siste av Stine-mi va kjempesøtt <3 va ein kosle tur ja! Klem:)

    SvarSlett