søndag 27. juni 2010

Småfisk og krabbefangst!


I dag har eg ikkje så mykje å skriva om. Me har vore på bading att i dag og har fanga småfisk og krabbe med hov. I dag tok eg faktisk min første symjetur og, synd det ikkje vart bildebevis på det. Sommartempen i vatnet begynnar å komma og det er godt! Har begynt å pakka til me skal på ferie på fredag. Blir så kjekt når me reiser til Danmark ei veke. Gledar meg som ein unge nesten, så kjekt at heile familien vert med!



Me var og oppe og såg på lysthuset til Anita att. no hadde det begynt å komma meir i orde. Det er så nydelig! Gledar meg til det blir ferdig! I morgon er det klubb med jentene igjen hjå Therese. Det blir kjekt!

2 kommentarer: