mandag 17. mai 2010

17.maifeiring

Då var 17.maifeiringa ferdig for vår del. Me har kosa oss masse, til tross for regn og dritver.



Alexander var så stolt og fin i bunad! Klar for å gå i tog med flagg og fløyter.


Det var nok bra me hadde med oss paraply i toget. Heldigvis var det ikkje så kaldt.

Det har nesten vorte tradisjon at Alexander skal stå saman med "mofar" når han held tale på aldersheimen. Alexander var og flink til å stemma i når nasjonalsangen vart sungen.



Etter toget og talen på aldersheimen reiste me opp til mamma og pappa for å eta. Dei hadde diska opp med flott koldtbord, noko som passa meg godt ettersom eg ikkje et rømmegraut.


På ettermiddagen reiste eg og guten min på kroa saman med gamle vener, noko som har vore tradisjon for oss å gjera. Der åt eg verdens beste. Utruleg nydelig var den og!! namm!

Alexander fekk eta så mykje is han orka - og det vart ein del. Han har vertfall kosa seg masse. :)

Gratulerar med dagen, alle saman.

1 kommentar:

  1. Hipp hipp hurra:) So fine Alexander va! Sakna dikka i dag dao;) Får ta da atte til helgi!

    SvarSlett