lørdag 15. mai 2010

Får prøve meg på blogg..

I dag prøver eg meg på å blogge (igjen). Denne gangen har eg ikkje dei heilt store forventningane til meg sjøl med tanke på skriving, so eg får prøve å satse på bilder og håpe på at eg klarar å opprettholde denne bloggen denne gongen.

Blir ein del bilder denne gongen ettersom eg har ein del liggande frå den siste tida.



Alexander har fått seg beskyttelsesutstyr for å kjøyra ATV. Ordentlig tøffing.

Eg var på tur til Bergen ilag med jobbjentene i helga. Vi reiste med båten og var framme i tide til å shoppa og kosa oss i mange timar i finveret på dagen, før me reiste på Egon for å eta middag om kvelden. Vi endte opp på Sakken der det var show med desse flotte damene i forbinding med at det var nyåpning der etter brann. Var kjempekjekt.

På onsdag var eg i klubb hjå Silje. Det var kjempekos og ho hadde laga god middag og ein heilt fantastisk dessert. Varm frukt med smelta lys sjokolade over og vaniljeis. Nam!
I går var eg og Alexander til Sogndal med Therese og Celina. Alexander tok oppgåva som barnevakt svært alvorleg.

Etter middag reiste me til Anita m/fam og grilla marshmallows. Eg trur både vaksne og ungar storkoste seg! Kjekt å finna på ting ilag! Den første blomsten frå tomta vår! ♥♥
Blomsterjenta Tuva.


1 kommentar:

  1. Å so bra=) Me like!! Skal nok følga med på bloggen din=)

    SvarSlett