lørdag 22. mai 2010

No er det helg att og finveret ser ut til å ha dempa seg. Det er jo typisk når me alle har fri.. Men heldigvis er varmen her ennå, så det gjer ikkje så mykje at det er litt overskya.

No har me ete frokost med tente lys og greier. Må ha det litt koselig sjølv om det er "berre oss tre". :)

Noko av det beste eg veit om sommaren er jordbær med vaniljesaus. Det er så namm!

Eg har lest ferdig Ida's dans. Den var heilt fantastisk. Vart ordentlig rørt av denne boka, og vil verkeleg anbefalle den. Nydelig historie.


I dag skal eg til sogndal for å sjå om eg finn noko å ha på meg i konfirmasjon i morgon. I tillegg skal eg sjå om eg finn nye blomstrar til å ha i den fine blomsterkassen min; dei eg hadde døde visst fort... Er ikkje så flink til å halde blomstrar, mykje eg må bli bedre til.

Ha ein fin dag! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar