lørdag 22. mai 2010

Regndagen

I dag har eg kjøpt med ny kjole. Det var kjempemasse sommarkjolar i butikkane no, men det tok sin tid før eg fann ein eg likte - og som eg følte var akseptabel å gå med i konfirmasjon.

Me har vore hjå mamma og pappa på moene resten av dagen. Fekk oss grillmat att og, jammen godt me har så snille familie og vener som grillar til oss ettersom me ikkje har grill sjølv. Blir vel til at vi kjøper oss når me flyttar innover. Gledar meg slik!


Morelletrea til mamma og pappa står i full blomst! gledar meg til morellene kjem.


Det vart grillmat på oss denne helga og. Trur eg aldri har ete så mykje grillmat så tidleg i sesongen før som eg har gjort i år.

Måtte slenga med eit bilde av Elvis og.


Vart forelska i dette fatet som mamma hadde. Gammalt og kjempesøtt!

2 kommentarer:

  1. Fin kjole og fint fat=) Trur du har vorte litt smitta av meg eg=)

    SvarSlett
  2. hehe... ja, da kan godt henda. ein plass ha eg vertfall fått da ifrå. ;)

    SvarSlett