søndag 16. mai 2010

Klar for nasjonaldagsfeiring i morgon.

I dag har eg ikkje gjort stort. Var nede hjå Mariell og såg på den nye leiligheita no etter ho har fått inn nokre møblar, vert jammen fint der nede. Må vera stas med deira første sjølveigde leiligheit.

I ettermiddag vart me inviterte inn til Anita m/fam på pizza, pastasalat og focacciabrød. Anita lagar verkeleg verdens beste pastasalat. (Tippar ho merka at eg likar den. heh.. ) Kvar gang eg et det der inne får eg lyst til å lage det sjølv og, berre synd at det berre er eg som et det her i huset. Eg gløymte jo selfølgeleg å ta bilder, slik er det å væra fersk bloggar. Håpar eg vert bedre etter kvart.


Fekk låne denne boka av Anita. Har lest 20 sider no og har allerede kjempa for å ikkje begynna å grine. Trur eg kjem til å slite med denne boka.


Har funne fram og gjort klar bunadane våre i dag. Gledar meg til å ha den på meg i morgon. Elskar bunaden min. Den skulle vore sydd inn i livet, men eg kjem meg visst aldri til lærdal for å gjere det. Tiltak..
Det vert nok siste året no som Alexander kjem til å bruka bunaden sin og. Den er akkurat passelig i år, så han veks nok ut av den snart.
Synes det er så flott med bunad eg, særleg sognebunaden med alt sølvet. Er spesielt glad i og stolt av kjeda mi til bunaden ettersom den egentleg er ei klokkekjede som oldefaren min hadde. ♥

Ha ei flott 17.mai-feiring!!

2 kommentarer:

  1. Eg merka at du lika salaten min ja- da er kjekt da dao=)
    Ja sant da e ei triste bok? Gjekk ein del tårer til den!

    SvarSlett
  2. Jah, eg ha jo ikkje lest to kapittel endao ein gang so eg kjem til å slita :S

    SvarSlett