onsdag 9. juni 2010

Oppdatering frå siste dagane.

No har eg venta i heile kveld på at bilda mine skulle bli opplasta her, trur nok eg må minske størrelsen på bilda mine med det nye kamera. Her kjem litt av kvart frå dei siste dagane.


I dag var me ved stranda og laga bål og grilla pølser og lappar på båltakke. Det var kjempeflott i dag og me storkosa oss både store og små. Again: Eg elskar jobben min!


Fine gamle (båt-?)huset i stranda.




------


Tok bilde av fine treet i hagen til mamma og pappa, nokon som veit kva dette treet heiter? (Gløymte legge inn bilde av heile treet, men..) Mamma meinte det var eit japansk tre av eit slag.

------

Klubb


I går hadde eg klubb her heime. Pynta med finaste markblomstrane!


Bordet var dekka og eg venta på jentene. Var faktisk utruleg nok ute i god tid med det meste og timingen med maten var og perfekt! Godt fornøygd!


eg lagde min eigenkomponerte steikte ris med skinke, paprika, mais, kvitlauk og egg. Det virka til å falla i smak. Eg elskar vertfall denne maten.


Hadde laga dessert med oppskrift frå Richard. Denne desserten hadde eg ikkje smakt sjølv ein gong før eg lagde den i går, men denne var og nydeleg!

Fekk dette nydelige smykke av Therese i går! Tyykte det var utruleg fint!! Tusen takk! ♥♥

3 kommentarer:

  1. Var so goe mat, og ein koseleg kveld!! So nydeleg smykke var ♥

    SvarSlett
  2. Ja, maten va nydleg! Må sei meg einige me anita. Og ikkje minst desserten! :) Og soklart smykke! Dan teksten passa igrunn bra te meg og deg og dan ha eg teinkt pao no i ettertid :) <3

    SvarSlett
  3. Ja,va nydeleg mat! Flink du e Oline!!! :)) Kjempekosleg kveld :)

    SvarSlett