søndag 27. mars 2011

Sjokoladekakesøndag

Det er litt labert med blogginga mi for tida, mest fordi eg ikkje har tid til overs eller noko spesiet å blogga om. Litt fantasilaus for tida kanskje. Har hatt jobbehelg i tillegg denne helga, så eg kan jo kanskje bruka det som unnskyldning..?

Dagen i dag har gått til husarbeid mest, men fekk og tid til å baka sjokoladekake. Anledning? Eigentlig kun og greitt fordi eg hadde LYST på sjokoladekake ;) Den var god og!



Guten min er litt tusk i dag. Litt feber og hoste att. Får håpe det går like fort over som det gjorde sist. Er ikkje meir enn eit pa veker sidan han var forkjøla med feber. :( Så seigt med sjuke ungar. Dei skal være friske og blide heile tida tykkjer eg. Stakkarsn min.

Eg funderar på kor eg skal henge den gamle spegelen min.. Finn liksom ikkje rette plassen for den.


Me er litt slappe i fisken alle mann her heime i dag, så det blir nok ein del sofasitting imens me ventar på Richard som kjem med restane til kjøkenet vårt. Snille snille broren min har vore på ikea og handla alt me mangla. Gledar meg sånn til å få alt på plass og ferdig. Då kan me kryssa enno eit rom av lista over oppussingsprosjekt. :)

No er spisebordet klart til måling og, så no må eg kjøpa inn og starta på det imens Geir tek seg av bad og vaskerom. Det kitlar i magen - så mykje gledar eg meg til å flytta opp.

Ha ein strålande fin søndagskveld alle! Legg att eit hei, så ser eg at du er innom! :)

Klem

9 kommentarer:

  1. Her er da sofadag og!! Hadde sikkert litt for lite kle på meg i Paris, so e blitt litt forkjøla. Og Sara har feber :/

    Godt de nærma dikka oppflytting ;)

    Ha kjøpt klubbpakkar og- so spørst om eg må ha ein liten mini-klubb ein dag ;)

    Klem

    SvarSlett
  2. Ojoj! Gler meg til neste klubb dao Anita:) Kakao saog god ut Oline! Eg of Stine ha baka 75 cookies i dag. Veit ikkje ke eg skal gjere med dei- orka å ete berre 5 likso... Dyre vart dei og fordi mixaren min rauk :(

    SvarSlett
  3. Hei Oline
    Så veldig godt ut med sjokoladekake, hm… kjente jeg fikk veldig lyst på det, og et stor glass melk!!! Hm… ikke bra å blir fristed :) Ja, tiden flyr av gårde, og mye som skal gjøres – jeg heller syns ikke det alltid er så lett til å sette seg ned å blogge eller titte innom andre – men prøver å sette av noen timer på kvelden i alle fall for å se litt ;) NYDELIG gammelt speil du har ღ er sikker på at du finner en perfekt plass for dette en gang. Ønsker deg en fin, fin kveld videre. Klem fra Mette

    SvarSlett
  4. Silje, du får invitera på Cookies ein dag vel? :):)

    SvarSlett
  5. the cake looks sooo yummie! your pictures are very pretty! best wishes and a sunny week! di
    ;0)

    SvarSlett
  6. Eg e heima med Sara i dag, men no begynna ho å kvikkna til :)
    Handla nesten ikkje i Paris, vart mest sightseeing :)))
    Fantastisk tur :)

    Go bedring til Alex!!

    SvarSlett
  7. Heisann! Så utrulig fin blogg du har:) Er heilt enig med deg.... Er seigt når godungane e sjuke! Er heime med to av tre i dag:( Då gjer det seg virkelig med ei sjokoladekake:) God bedring! Klem

    SvarSlett
  8. Ja Sara bli og verre om natta- men trur at ho e so og sei frisk :) Skal uansett ikkje i barnehagen før torsdag :))

    Vil du ha kjole og dao??? Veit ikkje om eg tore å sy til andre..hihi:) E ikkje so fele flinke ;) Ha mønster i str 40- det er vel litt for stort for deg??

    Klem til deg og♥

    SvarSlett
  9. Har svart stoff- får sjå om eg syr ein dag so kan du no sjå om du likar den :) Men må no ha ein anna farge på armane vertfall ;)))

    SvarSlett