onsdag 30. mars 2011

Heimedagar med godguten min ♥

Her i huset er me heime om dagen eg og Alexander. Han er sjuk og heime frå barnehagen på tredje dagen i dag. Hostar så fælt stakkarsen.
I dag er det heilt nydelig vær ute. Våren er her i dag, og eg nyt det - inne ifrå.. Var såvidt ute og henta posten, og sjølv om det er sol og nydelig så var det KALDT enno. Litt skeptisk på om tulipanane og dei andre plantene i bedet klarar seg i den frosne jorda.


Var på gartneriet i går. Det var så mykje fint der no! Men endte opp med desse to sinkhusa. Eg har hittil ikkje følt at sink passa inn her i heimen, men jammen - desse var AKKURAT det som skulle til i peishylla vår. ♥ Muulig det kjem meir sinksaker etterkvart likevel då?

Kjøkenet vårt er endelig heilt ferdig! Me har fått resten av skuffefrontane og skåpdørane, fått skrudd på håndtak, justert skuffer og ordna alt anna dill som skal til på eit nytt kjøkken. Alt er klappa og klart til oppflytting her vertfall.
I tillegg fekk min kjære viljen sin om å ha bord på kjøkenet. Eg var veldig imot det, då eg meinte det ikkje var plass til det, men gosh - eg må innrømme at eg faktisk har blitt forelska i vårt nye bord og dei supersøte stolane! For ein koselig krok det vart!

Eg er som sagt heime med sjuk gut om dagen og i dag kom "Mo'mo'" på sjukebesøk. Ho hadde med seg pannekaker og lego. Starwarslego for å væra eksakt. Det er jo "kjempekult"! Eg veit ikkje heilt om eg er einig, men så lenge sjuklingen min er nøygd så er eg og nøygd.

Eg håpar alle har ein like flott vårdag som det eg har!
Kjempekjekt at de stikk innom!! Kos å sjå at folk les bloggen min.

Klem

3 kommentarer:

  1. Så fine sinkhus og blomst.
    Det er så kjekt å få litt vårfølselse inn i huset.

    Stakkars lillegullet som er syk. GOD bedring.
    Og starwars lego MÅ til enten hu mor liker det eller ikke. Jeg er heller IKKE noe fan av det, men mine gutter syns det er det tøffeste som fins ;) hihiii

    Ha en fin fin onsdagskveld.

    Klem Henriette

    SvarSlett
  2. Skjønne sinkhus ja : ) Og vårlige blomster-hærlig!! Kjipt med syke barn!! Her har minstefrøkna vært pjusk lenge...og feberen kommer og går...+hoste...God bedring til sjarmøren din : ) og tusen takk for koselige ord !!
    God helg
    klem Tove

    SvarSlett
  3. åå, likte de sinkhusene dine altså:) Håper gutten din er blitt frisk igjen:)
    Ønsker deg en fortsatt super helg:)

    Klemmer fra myrullpiken<3

    SvarSlett